Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Teikning: May Linn Clement
Lese gjenom Seippels Retleiding um norsk målbruk. Alt er vel og bra, som ein lyt venta av denne store meisteren. Etter lesnaden sit eg likevel att med den kjensla at når han gjer framlag um å taka i bruk skuledeigje for lærarinne, syngjardros for songarinne, framburdsgjente for serveringsdame o.s.b. synest eg det vert litt for tjukt.
All denne ordlagingi er berre å byggja kinesiske murar. Kvifor er det so um å gjera å koma so langt som råd burt frå Babel? Burde me ikkje heller tenkje på det motsette, arbeida måli meir saman?
Eg synest internasjonale ord er gode (ikkje soleis at eg meiner lærarinne, songarinne o.s.b. er internasjonale); dei hev ei tyding som er verd å finna tilsvarande heimlege ord for.
Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale. Sjå berre kor dei vev seg inn i mystikk og løyndomar, kor dei gjer seg gåtefulle og uskynelege! Når ein klær av deim all denne hamen, er det lite nytt dei hev kome med. (Olav Aukrust.)
Nei, det er ingi skam å låna; det gjorde Shakespeare, Burns, Holberg o.s.b. Kunsten er «å skapa um det ein handsamar frå berre sylv til purt (reint ) gull, nett som kong Midas».
Oscar Wilde sa det slik: «I am a man who stands in symbolic relation to the culture of my day – a man for whom pictures are painted, poems sung and books written – I have made of Philosophy a beauty, and of Beauty a philosophy.» Benjamin Disraeli sa: «The originality of a subject is in its treatment.»
På norsk vantar me eit råkande ord for «sham» og «bunk», som amerikanarane brukar mykje. Me fær vel nærast nytta «humbug», endå ordet ikkje er norsk, det heller. «Sham» er alt som gjev seg ut for å vera det det ikkje er. Det er ikkje gull alt som glimar. Ein tanke er «sham», segjer E. Haldeman-Julius, når han gjev seg ut for æveleg sanning og likevel ikkje stend for ettertanke – reason.
Ein mann er «sham» når han læst eiga dygder og kunnskap som han ikkje hev, og som appellerer til fordomsbundne, ulærde folk. Alt er meir og minder «sham» her i verdi. Politikk, religion, kunst – alt saman er meir eller minder «sham».
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Celeste Dalla Porta spelar hovudrolla som Parthenope, som i gresk mytologi er ei sirene.
Foto: Arthaus
Årets dårlegaste?
Verken innhald eller bodskap gjev meining i Paolo Sorrentinos siste rampestrek.
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.