Portrett av ein mogleg og umogleg onkel
Ei bok nesten fullkome danna av ståande vendingar og ordtak med poetisk snert.
Lars Saabye Christensen har skrive ei rekkje bøker i ulike sjangrar og er omsett til 36 språk.
Foto: Lina Hindrum
Dikt
Lars Saabye Christensen:
Onkel Onkel
Cappelen Damm 2024
Diktboka til Lars Saabye Christensen kallar på ein mann ved namn Onkel Onkel. Det særeigne er at han, trass i at for- og etternamn indikerer ein slektskapsrelasjon, ikkje kjenner nokon, ifølgje dikta. Han er grunnleggjande einsam og lengtar nok etter kontakt: «Det er godt å være i dårleg selskap/ så lenge man ikke er alene».
Onkel er uvanleg oppteken av vedlikehald og av onsdagar, fordi «da er det lengst til begge søndagene». Elles syslar han med ei obskur og aldri avslutta avhandling om den «fullgode grunn» som skulle ha blitt innlevert dagen før Sovjet gjekk inn i Afghanistan.
Vonde onklar
I litteraturen finst fleire vonde onklar. Hos Sofokles høyrer me at Antigone trassar onkelen, kong Kreon, som nektar å gi bror hennar ei gravferd. Onkelen Kreon dømmer difor Antigone til å verte gravlagd levande. No er ikkje Onkel Onkel korkje konge eller så vond, han er berre passeleg sta, passeleg mistilpassa tidsånda og kjenner på kjensla av å vere avleggs.
«For somme kan det kanskje bli i overkant mange ordspel.»
Dikta til Lars Saabye Christensen dannar eit poetisk og underhaldande portrett av den anonyme figuren som alle er i slekt med, eller slektar på. Onkel har attkjennelege trekk, men han stammar djupast sett frå språket, han har ein skikkelse danna av ståande vendingar og ordtak som Christensen har vridd på og tilført poetisk snert.
Oftast vil ikkje poeten ramse dei opp, han vil heller dreie og snu på dei og lage ordspel som fornyar og overraskar – og her finst uhorveleg mange sitatvennlege einlinjarar som syg seg fast i hjernebarken: «Om det ikke var godt sagt/ så var det godt å få sagt det».
Ein stad kallar det på latteren, ein annan stad framkallar det attkjennande nikk hos lesaren, når til dømes kritikk av tilslørande politikarspråk vert påtalt: «Problemet må først bli så stort/ at det kan kalles en utfordring/ og da er det jo ikke lenger et problem».
Ordspel
Underteikna har sans for dikta og for bokprosjektet, som byggjer opp ein heil karakter gjennom å fornye forslitne språkvendingar – ein person som sjølv er nedsliten og forbigått av tida og har sine dagar talde, men med talen og tanken i behald.
For somme kan det kanskje bli i overkant mange ordspel og for mykje filleristing av etablerte vendingar. Men her finst også heilt reinskorne og enkle poetiske bilete som grip med uvanleg kraft: «Ingenting er som å rake løv/ Da er onkel i sitt ess/ Det er langt bedre enn å måke snø/ Trærne gjør seg ferdige/ Himmelen derimot tar ikke slutt».
Sindre Ekrheim
Sindre Ekrheim er lyrikar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.