Reflektert og velskrive
Å lese Torvald Steen er mat for hjernen.
Thorvald Steen er aktuell med essaysamlinga Min naive sjel. Om å skrive mot den bevisste glemsel (Oktober).
Foto: Erlend Aas / NTB
Samandrag
Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP
Essay
Torvald Steen:
Min naive sjel. Om å skrive mot den bevisste glemsel
Oktober
«Så møtes vi her i denne kulturens høyborg», sa Torvald Steen da vi gjekk oss på kvarandre i taxfreebutikken på København-ferja for tretti år sidan, og denne lune og danna ironien kjenner eg glimtvis att når eg les dei tolv essaya i Min naive sjel. Eller essay – Steen kallar tekstane «forsøk», som er grunntydinga av det franske ordet essai.
Torvald Steen lir av ein arveleg muskelsjukdom som gjer at han i dag bruker rullestol, og i opningsessayet skriv han om korleis familien, og særleg mora, fortrengde og helst ville gløyme realitetane. Denne bevisste gløymsla følgjer med vidare når Steen tar for seg historiske personar og hendingar. Han leitar etter dei kvite felta på kartet, det som er gløymt eller feia under teppet, og når det blir løfta fram, gjer at verdsbildet vårt slår sprekkar og vi ser «dei andre» i eit nytt perspektiv.
«Poenget til Steen er at vi aldri skal gløyme eller fortrenge.»
Steen bruker ofte leksikalske oppslag som utgangspunkt for eigne refleksjonar, eiga undring og søking etter sanning kring for eksempel Karl 12.s fem år i Det osmanske riket, Aleksander den stores siste dagar, motsetningane mellom Rikard Løvehjerte og Saladin, og sjølv om han både i romanar og essay skildrar mektige og dominerande historiske personar, er han alltid solidarisk med dei svakaste og underprivilegerte.
Denne humanismen kjem fint fram i eit essay om Sigrid Undset som Steen tar i forsvar mot dei nedlatande vurderingane som blant andre Georg Johannesen og Kåre Lunden leverte. Det Steen legg vekt på, er Sigrid Undsets blikk for dei svakaste, dei som treng hjelp for å greie seg i kvardagen, dei utsette, dei som eit sorteringssamfunn fort kan kvitte seg med.
Steens interesser femner vidt og dekker felt som historie, politikk, økonomi, kultur, religion og filosofi, arkitektur, kunst og litteratur. Ja, og så sport, og her hentar han Veikko Hakulinen fram frå gløymsla i essayet «3.33.33», den tida han brukte da han vann femmila i Holmenkollen i OL i 1952.
Torvald Steen har alltid vore eit engasjert menneske, og han har eit stort nettverk og mange venner innanfor både politikken og litteraturen. Han er tydeleg når han skriv om vennskapet med Reiulf Steen, og han er tydeleg når han skriv om «Vår naive tro på velferdsstaten». Ingen skal heller vere i tvil om kva han meiner om det som i desse dagar skjer i Gaza.
Poenget til Steen er at vi aldri skal gløyme eller fortrenge, men alltid prøve å sjå bak maktas fasadar. Det er det som er litteraturen og forfattaren sitt samfunnsansvar.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.