JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Reparasjon, kort og greitt

Å kaste ting er openbert dumt. Kvifor er det då så vanskeleg å få noko reparert?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Marte Rostvåg Ulltveit-Moe er biolog og folkevald for Miljøpartiet Dei Grøne i Kristiansand.

Foto: Ingar Leer-Salvesen

5269
20240419
5269
20240419

Sakprosa

Marte Ulltveit-Moe:

Kan det fikses? Hvordan Norge kan bli et reparatørsamfunn

Spartacus

Vi nordmenn er glade i å eige ting. Men er vi glade nok? Når kvar av oss står bak over to tonn boss i året, må det nesten slåast fast som eit faktum at vi ikkje tek godt nok vare på det vi eig. Kvifor tek vi ikkje betre vare på tinga våre?

Dette finn biolog, MDG-politikar og forfattar Marte Ulltveit-Moe både kjende og ukjende svar på i Kan det fikses? Hvordan Norge kan bli et reparatørsamfunn. Ulltveit-Moe går systematisk til verks: Målet, ifylgje forfattaren, er å syne korleis Noreg kan gå frå eit «sløseland» til eit «reparatørsamfunn».

Ein av hovudingrediensane i denne kaka har vi alt – om enn i litt for små mengder og på ei altfor bortgøymd hylle: Reparatørane – sydamene, bilmekanikarane, skomakarane, mobilfiksarane, kvitevarereparatørane, heismontørane, snikkarane og sykkelreparatørane – eksisterer der ute. Men anten er dei for små og underbetalte til å ha råd til å reklamere, eller så vil dei ikkje snakke høgt om at dei reparerer, fordi det sjeldan lønner seg verken for dei eller for kunden.

«Viktigast er det likevel at boka vekker kjensler – eg vert både oppgjeven og optimistisk.»

Kanskje kan ikkje eingong tingen din reparerast. Er det verkeleg sant at varer har dårlegare kvalitet og går fortare sund no enn tidlegare? Ja, syner Ulltveit-Moe, med døme frå alt frå ein snøfresarreparatørar som dokumenterer tynnare stål, til skosolar av smuldreplast og Hewlett-Packard som har blitt tatt i å produsere skrivarar som går sund etter ei viss mengd utskrifter. Men endå verre: Stadig fleire produkt vert laga for å ikkje kunne reparerast.

Straffbar lim

Lim er nok noko av det verste Ulltveit-Moe veit. Ikkje den limen du bruker heime når du reparerer, men den limen produsentar bruker for at du ikkje skal kunne reparere – eller byte enkle delar – på til dømes elektriske apparat. Dette gjer forfattaren såpass forbanna at ho foreslår «bøter eller fengsel inntil tre måneder for å selge varer som er limt igjen så de ikke kan repareres».

Eg vel å lese dette som nærare halvvegs meint på spøk – men eg spøker ikkje med verken engasjementet forfattaren har for saka, eller viljen hennar til å regulere seg ut av problemet med overflod og sløseri. På eit tidspunkt går ho til dømes temmeleg alvorleg inn for å forby sal av nye møblar og klede i to–tre år. Ho meiner – og har nok heilt rett i – at vi har meir enn nok klede og møblar til å klare oss med det vi har dei tre åra. Produsentar og arbeidsplassar kan omprogrammerast til reparatørnæringa.

Sjølv om ho gløymer å vurdere korleis alle handelsavtalane våre ville handtert eit slikt statleg initiativ, kan eg ikkje anna enn kalle tanken sprek: Ulltveit-Moe er nemleg god på å utfordre tankegang. Kva er det vi eigentleg vi vil ha – eller treng – når vi bestemmer oss for å kjøpe ei ny vaskemaskin, til dømes, fordi den vi har, ikkje sentrifugerer skikkeleg? Er det ei ny maskin, eller er det rett og slett ei maskin som fungerer? Om reparatøren var den enklaste løysinga for å få det til, er det ikkje då den vi ville velje?

Litt for knapt

Kan det fikses? er ein del av forlaget Spartacus’ Kompass-serie – korte pamflettar med mål om å «skape debatt og meningsutveksling i det offentlige rom».

Det korte formatet smittar over på teksten: Han er lett og interessant, men inga stor leseoppleving. Forfattaren – som også driv bloggen «Reparatørene kommer» – har ifylgje seg sjølv intervjua over hundre norske reparatørverksemder. Berre nokre få av dei har funne vegen inn mellom bokpermane – og sjølv desse besøka er korte og overflatiske.

Reparatørar som bilmekanikarar, sykkelreparatørar og skomakarar finst der ute.

Foto: Berit Roald / NTB

Reparatørane er underbetalte, får vi vite, og dei kan ikkje sette opp prisane sine fordi dei konkurrerer med nye, underprisa billegprodukt. Dette stemmer sikkert, men eg saknar tala bak: Kva kostar det å byte skosole på ein støvlett? Kor mykje dyrare burde reperasjonen vore for at skomakaren kunne ta seg skikkeleg betalt?

Riv av plasteret

Viktigast er det likevel at boka vekker kjensler – eg vert både oppgjeven og optimistisk, heldigvis i riktig rekkefølgje. Fyrst oppgjeven over ei verd skapt for å drukne oss i ting vi ikkje kan fikse. Som spekulerer i at ikkje alle har råd til å kjøpe dei skikkelege skorne, og at det difor finst ein marknad for å produsere ureparerbare sko som alle veit ikkje er verde den låge utsalsprisen eingong.

Og så optimistisk på vegner av alle reparatørane som trass i alt dette klamrar seg fast, fordi dei brenn for dei slitne skosolane våre og håpar så inderleg på at styresmaktene ein gong ser dei, og faktisk fjernar den meirverdiavgifta alle vel eigentleg er samde om at dei ikkje fortener å måtte krevje inn verken når dei reparerer eller sel brukte varer.

Kvifor snakkar vi ikkje høgare om dette? Kanskje fordi det er flautt å innrømme at vi ikkje eingong kan skifte ein knapp lenger – langt mindre reparere våre eigne trikkar eller togsett. Som så ofte elles må plasteret før eller seinare rivast av. Å lese Kan det fikses? er ein liten, men gjevande start på reisa mot reparatørsamfunnet vi inst inne veit vi treng.

Siri Helle

Siri Helle er journalist, forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis