Litteratur

Bokhandlaren i Fosna

Marie Normans Boghandel i Kristiansund opna i Tollbodgaten og låg seinare her i Torvgaten. Portrett av Maren Marie Musæus Norman, gift Barman.
Marie Normans Boghandel i Kristiansund opna i Tollbodgaten og låg seinare her i Torvgaten. Portrett av Maren Marie Musæus Norman, gift Barman.
Publisert

Ei 32 år gamal kvinne frå Tromsø etablerte eigen bokhandel i Kristiansund i 1874. Seinare gav denne bokhandelen ut 15 bøker. Bokmålsbøkene kom ut i Kristiansund N, nynorskbøkene i Fosna.

Fosna brukt om den staden som offisielt heitte Kristiansund frå 1742, er dokumentert frå 1520. Namnet var vanleg i nordmørsbygdene langt ut på 1900-talet, dels brukt om byen, dels om området. Ola Stemshaug har vist at særleg frå 1890-åra tok både målfolk og andre til orde for bynamnet Fosna.

Prestedottera Maren Marie Musæus Norman (1841–1916) frå Tromsø var den andre kvinna i Noreg som skipa bokhandel. Berre sorenskrivarenkja Fredrikke Svendsen i Volda hadde gjort det før, i 1872.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement