-
Øyvind Vågnes (1972–2025)
«Øyvind Vågnes var eit funn for ein avisredaksjon.»
-
«Eit førebilete på den offentlege intellektuelle som ujålete og usnobba ytra seg i ålmenta.»
Thomas Hylland Eriksen (1962–2024)
-
Hans Rotmo (1948–2024)
«Det er eit før og eit etter Vømmøl Spellmannslag.»
-
Göran Fristorp (1948–2024)
Minneord
Den store publisisten
Kjell Snerte (1938–2025)

Han var ein av dei store publisistane i nynorsk skriftkultur. Han var ein av dei siste piperøykjarane i bokbransjen. Han visste korleis han kunne få folk til å gjere ting dei ikkje visste dei kunne greie. Kjell Snerte var hemsedøl tvers gjennom og såg alltid lenger enn dit fjell forsvann i dis og elvar stilna.
Saman med Tor Gabrielsen (22), Sigvart Østrem (24) og Einar Ådland (26) tok Kjell Snerte (29) over redaksjonsansvaret for den fire år gamle vekeavisa Dag og Tid i 1967. «Ingen av oss visste vel riktig kva vi skulle gjere med dette bladet vi hadde fått opp i hendene», sa Snerte då han i 1976 formulerte eit manifest over utført verk.
Kvartetten var ikkje nett blitt møtt med ståande applaus. Dag og Tid var blitt ei avis som baserte seg på vona om at pengar ville kome som ikkje fanst. Aksjekapital kom inn og rann ut. Med unntak av 1966 var det raude tal kvart einaste år fram til 1975. Berginga låg i jamlege nyteikningar av aksjekapital og tilskot frå Riksfondet for nynorsk presse, som Erling Lægreid og Magne Rommetveit fekk i stand frå 1964. Der var pengar å hente frå kaffistover og bondeheimar, men årsmøte etter årsmøte enda i strid mellom avisa og Bondeungdomslaget i Oslo. Frå det miljøet kom kritikk av både drift, redaksjonell profil og språkføring.
Kjell Snerte svara på kritikken med ein prinsipiell argumentasjon for at Dag og Tid var og skulle vere «ei ekstremt liberal avis». Det var ikkje nok å lage ei avis på nynorsk for å nå ut til flest mogleg lesarar. Avisa måtte ha ein profil, meinte Snerte. Dei famla, men heldt heile tida fast ved det dei kalla forumlinja, der fritt ord og brytande meiningar skulle prege avisa. Slikt var enno uvanleg i eit land der den fjerde statsmakta enno var rein partimakt. Dag og Tid var noko så uvanleg i 1960-åra som ei avis ubunden av politiske parti.
I opningsnummeret frå den nye kvartetten i oktober 1967 skreiv han sjølv ein leiar om at «Dag og Tid tek framleis mot brev – av alle slag, med stor eller mindre glede». Snerte var sikker i si sak: «Dei er særs mangmeinte, dei som helst vil ha monopol på sanninga i dette landet.»
Det siste redaksjonen ville, var å lage eit kyrkjelydsblad. «Folk blir opprørte over uvanlege og ’uhøvelege’ meiningar. Vårt argument mot det, er at det skjer stadig at meiningar som er bortom alle blånar, ei tid etter er gangbar mynt og somme tider dei einaste rette meiningane», skreiv Snerte. Slikt kunne vere godt stoff «fordi meiningane er vortne så skreddarsydde no. Ofte gjeld det ikkje berre sjølve meininga, men måten ho blir hevda på». Fleire tiår før internett endra debattkulturen, sa Kjell Snerte: «Kravet til skrivekunst for å sleppe til i debattspaltene i dei seriøse avisene er i seg sjølv eit åtak på demokratiet.»
Kjell Snerte var med og redigerte Dag og Tid i åtte år frå 1967 til 1975. Då gjorde hemsedølen nordlendingar av seg og familien sin. Avstanden frå innlandsdalen Hemsedal til yttersida av Noreg, til Kråkberget i Vesterålen, er ein verdssiglas, men den som kan utkanten, kjenner att ein når han ser den. Ved å vere leiar i Noregs Mållag 1977–79 plasserte han seg midt i leia mellom rikspolitikk og lokalsamfunn.
Hausten 1984 tok han riksvegen sørover og blei redaksjonssjef i generell avdeling i Det Norske Samlaget. Dette forlaget hadde nordlendingen Johs. Aanderaa modernisert frå 1958, og Audun Heskestad frå Dalane trippa av glede då han presenterte Kjell Snerte som redaksjonssjef for generell avdeling. Røyklukta kjende vi frå før, vi som var der; Olav Hr. Rue fekk no selskap av ein ny dampar. Stort meir var det ikkje som minte om det som hadde vore.
Kjell Snerte overførte den redaksjonelle tenkinga frå Dag og Tid til utgiving av bøker. Det nye for han var økonomisk overskot. Vi har lært å selje bøker, sa han. Summane i rekneskapane blei så store at Samlaget såg seg nøydd til å plassere midlar i fast eigedom. Dei store bokmålsforlaga hadde hytter langt inne i skogen, oppe på fjellet, ute ved kysten. Samlaget kjøpte seg inn i Roma med leilegheita Sambu, populært kalla Casa nostra.
For Snerte var ingen forfattar framand, berre han eller ho kunne skrive noko som var interessant og viktig nok for mange nok kjøparar. Han snakka like godt med ein marxist-leninist som med folk frå austfronten, med menn frå statsråd og kvinner utan titlar, hanka like gjerne inn ein mann frå riksmålsbevegelsen som frå målrørsla (no ja, berre éin) og braut ned dei redaksjonelle frontlinjene frå den andre verdskrigen.
Audun Heskestad hadde merka seg at Arthur Arntzen sette nynorskforfattarar som Tor Jonsson høgt, og at han var ungdomslagsmedlem. Då kom Oluf-bøkene av Arntzen ut på Tromsø Bokhandels Forlag. Heskestad bad Snerte ta kontakt med Arntzen, dei to fann tonen der og då, og på få år gjorde Snerte nordlendingen til ein forfattar for nesten heile landet. I innlandet var interessa for Olufs humor påfallande mykje mindre enn kysten rundt. Etter ti bestseljarar skreiv forleggjaren like godt biografi om forfattaren sin.
Kjell Snerte var pragmatisk og prinsippfast. Han var den første som såg alvoret i det Gyldendal gjorde då forlaget gav ut God tur til Paris av Kari Storækre like før rettssaka mot Arne Treholt tok til i 1985. Dette var å bryte den uskrivne regelen om at forlag ikkje publiserte noko etter at tiltale var teken ut. Snerte meinte også at forlaget braut ned det vernet ein person skal ha mot å få privatlivet sitt utlevert når vedkomande er utsett for eit brotsverk. 40 år seinare forstår knapt nokon problemstillinga.
Du kjem unna med kyniske vurderingar viss du smiler, legg inn ein god replikk og tenner pipa på nytt. Han var raus og skarp på same tid, umogleg å bli sint på, mild og myndig som han var. Den språklege grunntonen var reinstroken. I nynorsk publistikk i andre halvdel av 1900-talet var Hans Aarnes, Johs. Aanderaa og Audun Heskestad forleggjarar som heldt det gåande lenge. Det er eit paradoks at Kjell Snerte var på høgd med desse, for han var redaksjonssjef i Samlaget i berre seks år før familien Snerte vende attende til Snertehaugen i Hemsedal. Derifrå heldt han fram som forlagsredaktør på deltid for Samlaget til og med 2002, skreiv lokalhistorie og var med og redigerte årboka Dølaminne 2009–2019.
Samlaget var heildigitalt før noko anna forlag i Noreg. Ein dag i september 1990 kom denne meldinga opp på skjermane: «Binna har fått ein kalv som skal heite Bismarck.» Han var bonde først og bonde sist og levde deretter: Du skal overlate verk og grunn i betre stand enn du sjølv overtok det i. Det gjorde Kjell Snerte både som bonde, målmann og publisist.
Ingen som Kjell. Nei, ingen.