Film
Den streite historia
Eg ville gjerne visst meir om denne siste cowboyen enn kor mange bilar han har ståande i tunet.
John Hoiland (94) er son av ein norsk innvandrar og driv ein stor ranch i Montana på gamlemåten.
Foto: FIMfilm
På ein nedsliten gard i Montana bur ein einsleg, gamal mann med norsk far, men som sjølv er ein ekte, amerikansk cowboy.
Stilleben
Etter den smått usannsynlege kinosuksessen med Søsken til evig tid (2013) og TV-oppfølgjaren Søsken til evig tid: Amerikareisa (2015), har regissør Frode Fimland returnert over dammen, som kjernepublikummet ville sagt, for nok ein «der ingen skulle tru at nokon kunne bu»-vri på eldre menneske som lever på sitt eige, bygdeoriginalske vis.
Det er også lett å tenkja på den usannsynlege David Lynch-filmen The Straight Story (1999) om den gamle mannen som køyrer milevis på ein antikvarisk grasklippar for å besøka bror sin. Det er noko tilsvarande sårt over John som står på kjøkenet og snakkar i telefonen med sin gode nabo og ven, Jimmy. Ingen av dei er særleg gode med ord, og det treng dei nok vanlegvis ikkje vera heller, då det vanlegvis ikkje er eit filmteam rundt dei som dokumenterer kor smålåtne dei er.
Fin tur
Det er vakre landskap me får presentert, majestetiske fjell, hjort som leikar blant dei svære kjøttfea, bjørnar som luntar fascinerande nær garden. Visst er det fint å dokumentera slike siste, rurale sortar før dei forsvinn. Men me får veta forsvinnande lite om ferda faren tok frå Egersund til Montana, lite om systera og endå mindre om mora.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.