Bok

«Ei på alle måtar stor forteljing.»

Maria Turtschaninoff er finlandssvensk og har bak seg ei rekkje fantasybøker for unge. Arvejord er debuten hennar for vaksne lesarar. Foto: Bonnier
Maria Turtschaninoff er finlandssvensk og har bak seg ei rekkje fantasybøker for unge. Arvejord er debuten hennar for vaksne lesarar. Foto: Bonnier
Publisert Sist oppdatert

Historisk sus

Maria Turtschaninoff har eit imponerande fugleperspektiv på både tid og rom,
tru og tvil.

Maria Turtschaninoff er ein finlandssvensk forfattar kjent for å skrive fantasy for ungdom. For romanen Maresi (2014) blei ho nominert til Nordisk råds pris for barne- og ungdomslitteratur. Årets roman Arvejord er debuten hennar for vaksne, og her er lite fantasy å spore. Eller?

Praktisk og magisk

Vi følger eit gardsbruk i Finland, Nevabacka, frå det blei rydda på 1600-talet, til det gror igjen på 2000-talet. Slekt og drengar, inngifte og naboar, flyktningar frå russiske herjingar i fleire omgangar, finn seg bustad på Nevabacka og tar over for førre generasjon. Her er sparsame naturfolk og heimvende utbyggarar frå Amerika. Her er sjukdom, død, fødslar og ekteskap – konfliktar, gleder, matauk og uår.

Ramma for romanen er orientert rundt det praktiske ved nyrydding, vedlikehald og gardsdrift. Men parallelt går sporet om skogsfolket, som finst i folketrua – og i romanen er det ikkje utelukka at dei også finst i røyndomen. Eller i ei side ved røyndomen. Det skaper eit skjær over forteljinga som gir ho ein annan dimensjon, og styrker framstillinga.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement