JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Juliette Binoche solar seg i glansen av blikket frå det uvanlege kameratalentet Jonathan Ricquebourg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eugénie arbeider som kokk for den vidgjetne restauranteigaren Dodin i 20 år. Den felles kjærleiken dei har til mat, skapar unike retter som tiltrekkjer seg menneske frå heile verda.

Foto: Carole Bethuel

3196
20240322
3196
20240322

Drama

Regi: Tran Anh Hùng

Pot-au-feu – Veien til hjertet (Orig.tit.: La passion de Dodin Bouffant)

Med: Benoît Magimel, Juliette Binoche, Galatéa Bellugi
Kinofilm

Den kulinariske klassen

Maten ser så bra ut at romantikk berre forstyrrar.

Dodin (Magimel) blir kalla kokkekunstens Napoleon i 1885. Over grytene er det Eugénie (Binoche) som sveittar mest saman med assistenten Violette (Bellugi). Dodin går rundt og luktar.

Når maten er klar, har han fire andre menn frå fransk overklasse til bords. Dei fem nyt makelaus mat og drikke medan dei deler meiningar, historier og fjonge sitat. Berre éin ting manglar for Dodin: at kokka òg blir kona.

Mat i stilen

Vietnamesiske Tran Anh Hùng kom til Frankrike som tolvåring i 1975. Dei tre første filmane hans var stilistisk glitrande filmar frå fødelandet. Debuten Duften av grønn papaya om morgenen frå 1993 vitna om ein matnerd som datt i gryta som barn. Cyclo (1995) og Når solen står som høyest (2000) styrkte biletet av ein særeigen og kompromisslaus regissør. Sidan forsvann han litt frå fronten av filmkunsten, sjølv om filmatiseringa av Norwegian Wood (2010) er grei. Pot-au-feu – Veien til hjertet er ein revansje der han er tilbake på kjøkkenet.

Heldigvis lyg tittelen litt. Narrativet er minimalt. Romansen tek lite rom. Eugénie vil helst ha respekt for kulinarisk kvalitet. Skildringa av kunsten og arbeidet det er å lage spektakulært god mat, står støtt i sentrum. Kamera svingar rundt mellom jerngryter, tresleiver og fyring med kol.

Eg lèt meg rive med av lys, fargar og lyd med fresing frå pannene og topp råvarer i rørsle. Vi slepp jamvel overdriven sterk fargekorrigering. Filmen er milevis frå matprogram på fjernsyn med intense forteljarar. Det er lite mas, bortsett frå litt for snakkesalige gjester. Substansen ligg i stilen.

Pot-Au-Feu - Veien til hjertet (forfilm)

Smakssak

Ein unner Eugénie å sitje i glødande gul kjole mellom stearinlys og nyte maten. Juliette Binoche solar seg i glansen av blikket frå det uvanlege kameratalentet Jonathan Ricquebourg. Juliette Binoche fortener lyset. Benoît Magimel er god i rolla som Dodin, men ikkje på nivået han viste i Pacifiction av Albert Serra i forfjor. Magimel har sans for estetisk skarpe regissørar.

Ein ven sa ein gong at ein kan seie mykje om overklassen, men dei set pris på god mat. Dei sparar ikkje på noko, den franske eliten. Kjøtgryte frå Burgund, piggvar, kalkun, trøflar, kalvekarré og omelette norvégienne. Ei flaske champagne som låg femti år på botnen av havet. Men balanse og heilskap tel tungt i hyllinga av det franske kjøkkenet.

Dramatikk rundt eit festmåltid for prinsen av Eurasia er eit sidespor. Tran Anh Hùng har alltid gjeve romantikk plass i filmane sine, men eg hadde helst sett ein meir reinskoren film her som luka det ut. Filmen kunne klokka inn på litt over nitti minutt rein matglede. Uansett, den gamle favoritten viser rikeleg klasse og smak i ein film der radikal kjærleik til film- og kokkekunsten skin sterkare enn trongen til trauste romansar.

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

HumorFeature
May Linn Clement

Klagemodus

Kor lite skal til for at eg seier frå eller klagar?

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis