Kinoåret 2024 oppsummert
Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.
Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.
Foto: Norsk Film Distribusjon
Heime fyrst. Elskling av Lilja Ingolfsdottir er ein av dei beste filmane som har gått på kino i år. Filmen raska med seg premiar i Karlovy Vary for den eminente skildringa av ei kvinne som druknar i det fyrste, andre og tredje skiftet. Helga Guren er stor i rolla. Ingolfsdottir knip plassen som noregsmeister framom Dag Johan Haugeruds flotte trilogi Sex, Drømmer og Kjærlighet. Råe kvinneroller finn vi òg i dokumentaren Olfas døtre av tunisiske Kaouther Ben Hania. Historiene er hjarteskjerande. Bileta er vakre. Iblanda fiksjon er lærerik kunst.
Læring
Tyskland leia an med store filmopplevingar i år. Lærerværelset av Ilker Çatak var utruleg nervepirrande. Du kjem ikkje lenger frå Dangerous Minds. I Tyrkia er filmar om lærarar som jobbar langt heimanfrå, nærast ein eigen sjanger. Den rågode regissøren Nuri Bilge Ceylan tyr til ulike blikk i About Dry Grasses, eit sitrande, komplekst drama om ein lærar, ein elev og uvissa knytt til skuld.
Monster av japanske Hirokazu Koreeda blir fortald frå fleire perspektiv. Den japanske meisteren leiker elegant med forventingar og blindsoner i ein rørande film om to gutar og eit vart venskap i ein høgspent skulesituasjon.
Les årsbeste frå filmmeldar Brit Aksnes her.
Smerte
Ein mastodont av året var tyske Sterben av Matthias Glasner. Den drepande skildringa av ein dysfunksjonell familie var så god at ein slett ikkje var lei etter tre timar. Tolk som du vil at han er ein slags smertefull Tár møter Min pappa Toni Erdmann som du ikkje ler høgt av. Den langt vondare Zone of Interest av britiske Jonathan Glazer handla om ein tysk offiser som var kommandant i ein dødsleir i Auschwitz. Lyddesign har sjeldan vore meir grueleg treffande. Vinklinga frå dei verste er monstrøs.
Agnieszka Holland brukte utestemme og grim svartkvitt då ho skildra umenneskeleg handsaming av migrantar på grensa til EU i skogen mellom Polen og Belarus i Green Border. Nokre flyktningar er likare enn andre flyktningar. Ingen filmar gjorde meg meir rasande i år.
Underhaldning
Men gøy skal vi òg ha det på kino. Det sørgde Yorgos Lanthimos for med Poor Things, ein tullete, feministisk frankensteinfest som det er gøy at fekk Gulløva i Venezia i fjor. Gullpalmevinnaren frå 2023 underheldt òg. Fritt fall av Justine Triet var eit rått skrive rettssalsdrama med stor uro.
How to Have Sex av Molly Manning Walker er stor moro frå eit sydensk Middelhav der unge britar gjer som dei gjer. Men her òg blir det utriveleg så det held. Folk treng råda frå tittelen. Til samanlikning er Perfect Days av Wim Wenders nesten berre kos. Tyskaren tok turen til toaletta i Tokyo og laga ein skamlaust triveleg film, som blei ein av mange kjekke kinoturar i 2024, eit år som var fylt av mange sprikande kjensler.
Håkon Tveit
Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.