Yes, Crime Minister
Etter eit særs bra svensk unntak i fjor er påska nok ein gong britisk. Kanskje litt i overkant, til og med.
Årets påskekrim på NRK er basert på verkelege hendingar.
Foto: Wild Mercury Productions / True Vision Productions
Filmatiseringa av Kerstin Ekmans Hendelser ved vann var verkeleg eit påskekrimhøgdepunkt i fjor. Årets satsingar er mest av alt prega av kven som driv og fiktivt døyr på Dei britiske øyane, og berre éin av dei skil seg ut, noko han verkeleg gjer.
I famnen til ein mordar (NRK, tilgjengeleg frå 22. mars)
Det er lenge sidan sannkrim var noko som berre vart laga podkast av. Filmatiseringar er kjempebutikk, men i mange tilfelle gjer historiene seg best i denne forma.
Årets hovudkrim frå Rikskringkastinga tek for seg ei underleg sak som gjekk føre seg i Buckinghamshire i 2015. Unge Ben Field (glimrande guffent spelt av Èanna Hardwicke) har funne ein glimrande måte å tena til livets opphald på – ved å utnytta gamle menneske på eit vis som nesten ikkje er til å tru. Som med alle sannkrimar veit ein slutten, heile premissen er at misgjerningar har skjedd, så som klassisk påskekrim vil kanskje sjåaren verta skuffa. Eg trur likevel du skal vera flink om du klarar la vera å sjå neste episode.
Dalgeliesh (TV 2)
Foto via TV 2
Dalgliesh (TV 2, tilgjengeleg, lineært frå 25. mars)
Så var han tilbake på skjermen, den poetiske detektiven til P.D. James, i ny utgåve for to år sidan, eit gjensyn eg var svært nøgd med. Eg må vel seia at det ikkje er enormt overraskande at det blir trauste greier når oppskrifta skal repeterast, men så er det jo som med påskelam – må ein ikkje alltid ha rosmarin, liksom? Ikkje spør meg, eg likar ikkje eingong lammekjøt, men Dalgliesh gjer jobben, og eg har spart ein episode til dessert.
Sjangeren whodunnit (kven gjorde det?) passar evig godt som underhaldning, og innpakninga i Dalgliesh er passeleg gamaldags og samtidig moderne i uttrykket.
«Sjangeren whodunnit (kven gjorde det?) passar evig godt som underhaldning.»
Five days (HBO).
Foto via HBO
Five days (HBO, tilgjengeleg)
Årets andre satsingar er sterkt prega av gamalmodig Agatha Christie, gamalmodig The Marlow Murder Club, endelaus utdraging av Vera og Shetland og ein sesong 4 av Wisting, der dei også har snike inn nokre britar som for å understreka behovet vårt for britisk påskekrim.
Då ingen av dei nemnde titlane klarte å tilfredsstilla det eg eigentleg ville ha – eitt mysterium, mange episodar, rikt persongalleri, flinke og/eller udugelege detektivar, mange alternative gjerningspersonar, ein ekte whodunnit – så har eg gått tilbake i tida og ein gamal serie som no er å finna på HBO.
Five days tek seg god nok tid til at ein får djupare innblikk i instansane rundt forsvinninga av ei mor og to ungar, både presse og politi og familiane rundt, med alle sine feil og fordelar. Så for min del er årets påskekrim frå 2007.
Brit Aksnes
Brit Aksnes er skribent, programskapar, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.