Flyg høgt
Thor Magnus Tangerås skriv ujamt om naturen og teknikken i Landskap med vindturbinar.
Thor Magnus Tangerås debuterte som lyrikar i 2022.
Foto: Tove K. Breistein
Lyrikk
Thor Magnus Tangerås:
Landskap med vindturbinar
Samlaget
Om poesien i det heile teke kan vera aktuell, må det gjelda for den nye diktsamlinga til Thor Magnus Tangerås, Landskap med vindturbinar. På sitt spesielle vis kastar han seg inn i debatten om vindturbinar i norsk natur.
Vel, debatt og debatt, det er trass i alt poesi det dreiar seg om. Men i alle høve kan samlinga lesast som eit innlegg i den pågåande ordtevlinga om skadane turbinane påfører naturen.
Morosamt
Tittelen er nok meint konkret; dikt-eget rører seg i landskap med vindturbinar, som mellom anna vert skildra gjennom komiske pastisjar over kjende dikt som Goethes «Vandringsmanns nattvise» og elles over einskilddikt frå Arne Garborgs Haugtussa.
Morosamt er det, men ikkje god poesi: «Fraa deg, du Heid og bleike Myr/ med Bukkeblad,/ der Hegre steig og Heilo flaug,/ eg tek mitt Kvad.» Det er tydeleg at Tangerås har teke på seg brillene til satirikaren og ser verda på skeive gjennom dei, som i «Rolf Jacobsen remix»: «Dei et av heiane mine./ Tretten hundre turbinar kom og åt av fjella mine./ Gud hjelpe oss for ein skapnad på dei. Hovud/ med berre eitt auge og tre armar.»
Tvisyn
Det er noko litt for «flinkt» over desse dikta; det er den postmoderne diktaren som har oversyn over litteraturhistoria og kan velja og vraka på øvste hylle, utan vidare forplikting. Det farlege med satiren er at han kan verta totalitær, slik at tvisynet (som tvillaust finst her) mellom det positive og det negative med teknikken vert utlikna. Hjå Rolf Jacobsen fanst det òg eit slikt tvisyn, men då med eit alvor og ein formsans som ein ikkje finn hjå Tangerås.
Heldigvis står ikkje dei satiriske dikta åleine, for meir lødig poesi har òg fått plass i boka, særleg i siste bolken: «du får ikkje gå/ vidare/ før du har/ løyst bok-/ finkens gåte:/ eg breier vengene i vinden/ men er ikkje ein fugl». Mange meiner at det særleg er fuglane som tek størst skade av turbinane. Fuglar har ein sentral plass i samlinga, og fugledikta er mellom dei mest vellukka. Som i den førre boka held Tangerås fram praksisen med einskilde typografisk eksperimentelle dikt, men desse høyrer ikkje til dei mest interessante.
La oss runda av med eit godt fugledikt: «Stakkars Dei/ fjellfrydefulle, nutnytande og villmarkmætande/ Stakkars Dei/ skogsæle, eng-elskande og glennegledefylte/ Stakkars Dei/ som er bergtekne av alt det dei ikkje vil berga».
Kjetil Berthelsen
Kjetil Berthelsen er litteraturvitar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.