Litteratur

Forlaget for heile landet

Ottar Grepstad om forleggjarar som endra Noreg.

I MIDTEN. Kulturminister Trine Skei Grande og forlagsdirektør Edmund Austigard på møte om ny kulturmelding i 2019. Som venta var Audun Heskestad der også.
I MIDTEN. Kulturminister Trine Skei Grande og forlagsdirektør Edmund Austigard på møte om ny kulturmelding i 2019. Som venta var Audun Heskestad der også.
Publisert Sist oppdatert

Økonomisjef Audun Heskestad blei forlagssjef som andreval, sette lesarane i høgsetet og gjorde Samlaget til forlaget for heile landet.

Klokleg takka Berge Furre nei til å bli forlagssjef i Samlaget i 1980. Saman med skuleboksjef Mads Liland tok juristen Audun Heskestad (1942–) frå Dalane oppdraget. Liland gjekk vidare i 1985, og Heskestad hadde eineansvaret til 2005. Han snakka seg gjennom gangane, var vaktmeister i særklasse og drog frå og til jobb med bereposar fulle av dokument.

Audun Heskestad har vore ein sjølvtenkjar med stor evne til å fange opp kva andre meiner. Ustrukturert i form systematiserte han erfaringar og data, gjorde resultatvurdering sjølvsagt og hevda at han helst tilsette medarbeidarar som kunne meir enn han sjølv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement