Forleggjaren som knapt sa nei
BOKHUSET I RISØR. Erik Gunleiksons forlag og bokhandel heldt til i dette kvite huset i Strandgaten 1.
Postkort frå forlaget, Universitetet i Bergen
Erik Gunleikson (39) hadde vore bonde, dreiv bokhandel og blei forleggjar då han skipa Erik Gunleiksons Forlag i Risør 1912. Det blei eit livsverk for historiebøkene.
Gunleikson dreiv farsgarden frå 1892 til broren Peder tok over i 1906. Erik flytta til Risør og kjøpte J.G. Fryxells Boghandel. Ein god medhjelpar nokre år var Kjetil Ljøstad, seinare forlagssjef i Noregs Boklag.
Mykje av bokinteressa kom frå ein onkel med stor boksamling. Erik venta å arve samlinga, men bestemora tykte bøkene var for verdslege og brende alt i hop. Berre ein biletbibel låg att. I staden bygde han sjølv opp ei stor privat boksamling på 5000 band. Ho blei borte då han døydde.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.