Bok
God latin – på norsk
For språkfolk som vil vita meir om latin utan å ta bryet med å tileigna seg sjølve språket, er denne grammatikken ei sjeldan gåve.
Cesare Maccari: «Cicero fordømmer Catilina» (utsnitt), måla i 1882–1888.
Det finst truleg ikkje noko folk i Europa som lever så langt frå latinen som det norske. Alt på slutten av 1800-talet sørgde venstremenn, norskdomsmenn – og ikkje minst diktarar som Kielland og Garborg – for at «klassisk daning» kom i vanry og vart rekna som ein bremsekloss i nasjonsbygginga og eit hinder for det framsteget som stod øvst på alle seriøse saklister. Det er over hundre år sidan gresk fall bort som skulefag, medan latinen hangla seg vidare inn i førre hundreåret takka vere «latinliner» ved enkelte gymnas, der dei stendig færre elevane lærte stendig mindre latin. På 1970-talet vart det slutt på at filologar laut ta førebuande prøve i latin, og ikkje lenge etter fall denne prøven også bort for teologar.
På ein slik bakgrunn er det nærast eit under at det på norsk er kome ut ein heilt ny latinsk grammatikk på 872 tettskrivne sider, skriven av førsteamanuensis Vibeke Roggen. Ho verkar sjølv vera så heime språket at ho kan leika med det, og det gjer ho med ei språkglede som smittar over på lesaren og gjer paragrafane til festlesnad, ikkje berre for dei få latinkyndige, men truleg også for alle som framleis ber med seg minne om latintimane på skulen eller på universitetet, sjølv om dei eigenleg aldri lærte latin. Dei færraste har gjort det her til lands dei siste hundre åra. Sjølv dei som tok «latinsk mellomfag», kom aldri så langt at dei kunne lesa latinsk litteratur i lenestolen eller på senga.
Pedagogisk eros
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.