Hauge-dagbøkene: «Lat meg ikkje påstå eg er nokon filosof, endå eg sjølvsagt vil vera det.»

Publisert

Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.

18. august 1959

Lat meg ikkje påstå eg er nokon filosof, endå eg sjølvsagt vil vera det. For det fyrste kan eg ikkje matematikk og naturvitskap, so eg er i grunnen utestengd ifrå å gjera noko framsteg.

Men det er forvitneleg å lesa um ymse tankar og påstandar, utan at eg kan gjera rett og skil. Men er det fagfilosof det er so um å gjera å vera? Slett ikkje.

Filosofi er so mangt, sjølv um det er eit heile. Sume greiner kan eg dyrka meir, som etikk og slikt. Her er alle meiningsføre. Men, som sagt, eit samla yversyn er godt å ha. Stort set kan ein segja at Nietzsche heldt seg helst til etikk og etiske spursmål, og religiøse og sosiale. Det er forresten den sterke sida til Schopenhauer òg.

Dette gjer at folk med litterære og kunstnarlege syslor les gjerne dei tvo, på same måten les dei òg Kierkegaard.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement