Musikk
Inderleg
Margot Oitzinger og Peter Kooij syng Bachs «eg»-kantatar.
Margot Oitzinger har spelt inn alle Bachs fire solokantatar for alt.
Foto: Foppe Schutlowres
Etter at Johann Sebastian Bach (1685–1750) overtok den prestisjetunge stillinga som kantor ved Thomaskyrkja i Leipzig våren 1723, fylgde tre år med beinhardt arbeid. Han ville imponera leipzigarane med ein nykomponert kantate for kvar sun- og helgedag i kyrkjeåret – verk av det storfelte slaget, med stort orkester, mektige korsatsar og full solistrekkje.
Men hausten 1726 endra han brått stil. I staden for opulent besetning byrja han å skriva solokantatar, altså stykke for éin songar og lita orkesterbesetning.
Ny tonebunad
Kantatetekstane endra seg òg. Dei fyrste åra hadde han nytta tekstar frå salmeboka og Bibelen som gjev uttrykk for kyrkjelyden som eit kollektivt «me». Dei som ligg til grunn for solokantatane, er derimot utprega subjektive.
Me kan kalla dette «eg»-kantatar, for det er dei religiøse refleksjonane til den einskilde som kjem til uttrykk, på den inderlege måten som særmerkjer pietismen. For å finna fram til ein passande tonebunad byrja Bach difor å eksperimentera med ein ny, meir ekspressiv musikkstil. Desse kantatane er i dag blant hans mest populære.
Nederlendaren Peter Kooij og austerrikske Margot Oitzinger har no spelt inn alle «eg»-kantatane for høvesvis bass- og altsolist på eit dobbeltalbum med det glitrande L’Orfeo Barockorchester frå Austerrike.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.