Musikk
Ytterpunkt
Francesco Corti spelar musikk frå kjenslevarleikens tidsalder.
Den italienske cembalisten Francesco Corti.
Foto: C. Doutre
Empfindsamer Stil blir den framherskande retninga i tysk musikk på midten av 1700-talet kalla, eit omgrep som også fungerer som epokenamn: Zeitalter der Empfindsamkeit. Denne «kjenslevare stilen» i «kjenslevarleikens tidsalder» var ein reaksjon på rasjonalismens fornufts- og kunnskapsbaserte livs- og kunstsyn.
Estetisk skil han seg frå barokkens lærde komposisjonsideal ved å ha ektefølt uttrykk og kunstnarleg originalitet som høgste mål, ei innstilling som minner om den mykje seinare romantikken. Men samstundes – og det merkar me på cembalisten Francesco Cortis nye plate – var dei «kjenslevare komponistane» også barn av si tid. Dei var opplærte i barokkens polyfone komposisjonsteknikk, og sjølv om dei gjorde sitt beste for å bryta med tradisjonen, låg det gamle handverket ofte i botnen.
Bipolart
The Age of Extremes er eit dekkjande platenamn. «Allegro»-satsen som opnar albumet, har korte, usymmetriske frasar. Avsnitta vekslar abrupt mellom sterkt og svakt og endar like brått som dei byrja.
Andresatsen «Larghetto con sordini» i denne cembalokonserten i f-moll av bøhmaren Georg Benda (1722–1795) er meir konstant i uttrykket. Stemninga er uvanleg roleg og innovervend. Særleg der cembaloen spelar åleine, har musikken eit improvisert preg – ein får kjensla av at solisten spelar for seg sjølv snarare enn for publikum. I sistesatsen brakar det laus att, med ei trommande bass-stemme. Corti får godt fram desse ekstreme kjenslesvingingane, men det er dei snøgge partia han får best til.
J.S. Bach-sonen Carl Philipp Emmanuel Bach (1714–1788) var ein pioner i den kjenslevare stilen; det var han Benda lét seg inspirera av. Mest karakteristisk er C.P.E. Bachs einskildsats «Andante» (spor 10) for cembalo solo, som verkar som ein stream of consciousness, utan nokon eigentleg melodi. Corti spelar satsen fritt og med rikeleg luft mellom frasane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.