Musikk

Ut or gløymsla

Sigurd Lie er ikkje lenger berre eit namn i musikkhistoriebøkene.
 

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Publisert Sist oppdatert

Sigurd Lie kom til verda i Drammen i 1871, men voks opp i Kristiansand. Etter musikkstudium i Oslo drog han i 1891 til Leipzig, der han hadde same komposisjonslærar som Grieg hadde hatt. I 1895 blei han tilsett som konsertmeister i Harmonien (dagens Bergen Filharmoniske Orkester). Men då han tre år seinare ikkje fekk ta over som dirigent, flytte han som 27-åring til Oslo, der kapellmeisterstilling ved Centraltheatret venta.

Alt i slutten av tenåra var der teikn til at Lies lunger ikkje var som dei skulle. Det hjelpte ikkje at han som student natt etter natt spelte i Oslos røykfylte kneiper. Då han døydde av tuberkulose i 1904, 33 år gamal, etterlét seg mellom anna to dusin mannskorsongar, ymse orkesterverk, mellom dei éin symfoni, og over 70 romansar for song og klaver, i tillegg til kammermusikk.

Griegsk

Alle songane blei nyss spelte inn av Marianne Beate Kielland og Nils Anders Mortensen. No er det den samla kammermusikken hans som ligg føre, ei verkliste som ikkje er lengre enn at ho høver på éin CD. Ymse musikarar medverkar på den fine plata, men dei einaste som er med på alle spora, er fiolinisten Jonas Båtstrand og pianisten Jørn Fossheim. Fossheim har også skrive den grundige innføringsteksten i plateheftet.

«Humoreske» og «Romanse» for fiolin og klaver er mellom det eldste på plata. Lie skapte nok denne nasjonalromantiske musikken, som berre finst som manuskript, til eige bruk. Men humoresken fekk han uansett bruk for i strykekvartetten (Leipzig 1893), der han er omarbeidd til tredjesatsen «Allegretto scherzando».

Habile tolkingar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement