Musikk

Eldfull eleganse

Kristiansand Symfoniorkester syner oss symfonikaren Sigurd Lie.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).
Publisert Sist oppdatert

For tida blir Sigurd Lie løft ut or løynda. Alle songane og den komplette kammermusikken hans har nyss kome på CD. Difor høver det å gje merksemd til ei anna side ved denne Kristiansand-komponisten, som døydde 33 år gammal for gode 120 år sidan, nemleg symfonikaren.

I samband med Lies 100-års dødsdag i 2004 gav Kristiansand Symfoniorkester med dirigent Terje Boye Hansen ut ei fin plate med tre av Lies orkesterverk. Ho inneheld den einaste symfonien hans, eit «konsertstykke» for fiolin og orkester, og den «symfoniske balladen» Wartburg for bassbaryton og orkester.

Tyske førebilete

Den tuberkuløse Lies profesjonelle livsløp varte berre i 13 år. Tidvis var han for sjuk til å arbeida, og brev og utsegner til kollegaar syner at han var medviten lagnaden sin og arbeidde under tidspress for å få ting ferdige.

Symfoni i a-moll var eitt av verka han planla å revidera, for urpremieren året før hausta nokre harde kritikkar i Bergens- og Oslo-pressa. At han ikkje rakk det, er ikkje så farleg. For meg verkar symfonien overtydande og ektefølt i den forma Kristiansand Symfoniorkester her framfører han.

Fyrstesatsen «Allegro con fuoco» er elegant eldfull, med store uttrykkskontrastar. Dei tyske førebileta er kanskje i overkant tydelege – Mendelssohn og Schumann pregar tonefallet – men som symfonisk handverk overtyder verket uansett. Mest personleg preg har den humørfylte tredjesatsen «Allegretto scherzando», der det klassisk-romantiske har islett av norsk tonalitet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement