Teater

Ivar Aasen-musikal for massane

Det er like lett å like Spynorsk. The Musical, som det er å like vaflar. Vi snakkar koseteater utan altfor mykje næring til tankane.

Julie Moe Sandø i rolla som Aase Ivarsen syng og dansar som ei stjerne. Dessutan har ho komisk talent.
Julie Moe Sandø i rolla som Aase Ivarsen syng og dansar som ei stjerne. Dessutan har ho komisk talent.
Publisert Sist oppdatert

Are Kalvøs tabloide talent sluttar ikkje å imponere. For korleis kan ein få eit større publikum til å få auga opp for teater, nynorsk og Ivar Aasen i éi og same pakke? I dag synest svaret openbert: Ein plasserer korkje teater, nynorsk eller Ivar Aasen i overskrifta, men gjer det heile til ein musikal som dreier seg om den eine referansen alle, i alle fall i min generasjon, har felles: Nynorsk ordliste – i mange klasserom betre kjend som Spynorsk mordliste.

Velkommen til Spynorsk. The Musical, med manus av Are Kalvø og musikk av Ingrid Bjørnov (også Bjørnov bør få ros for sitt tabloide talent).

Vaffeldraum

I Spynorsk. The Musical er Spynorsk mordliste meir enn berre ei ordliste – ho utviklar seg til eit politisk parti. Vi blir tekne med til år 2042 – eit år då både nynorsk og Ivar Aasen er gløymde, då folk går resignerte rundt med øyreklokker og landet vert styrt av ein statsminister blotta for karisma.

Men framtida sitt svar på Ivar Aasen, Aase Ivarsen (Julie Moe Sandø), oppdagar både Ivar Aasen og nynorsken på nytt og ser lyset. Ho vert inspirert til å starte ei ny folkerørsle der ho skal lytte til folk og draumane deira. Og kva drøymer dei om? Det går mykje i vaflar.

Mest gode vitsar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement