Musikk
Keisam radiokanal
Beyoncés åttande er ei langdryg smørje.
Cowboy Carter er det åttande studioalbumet til Beyoncé Giselle Knowles. For høvet leflar den generelt R&B-orienterte artisten med stilartar som americana, country og gospel, og Jersey club og house. Og radiovignettar og hiphop og trap og den slags.
Plata opnar med eit potpurri av tradisjonelle amerikanske sjangrar kalla «American Requiem». Spor to, «Blackbiird», er akkompagnert av metronom og kassegitar, og dette er i boka mi ført opp som ein risikabel klisjé. Heldigvis er dei mest skjerande frekvensane i klikket filtrert vekk, men eg tar ikkje poenget – det musikalske poenget, for å vere presis.
Kan hende skal det vere eit slags peik mot naivitet og læring; låt nummer fire startar iallfall med eit opptak av Beyoncés dotter Rumi, og slik bruk av artistungar er etter denne meldarens meining eit teikn på at noko har gått gale i mentaliseringa til ein artist. Det gjer ikkje saka betre at det læt som den barnlege førespurnaden om voggesong er tatt opp på mobiltelefon og smurd med ekkel reverb for å bøte på elendig lydkvalitet.
Så følgjer resten av dei 27 spora. «Konseptet» er at songane er inspirerte av ymse filmar, til dømes spagettiwesternar – låten «Spaghetti» er ei sausete hiphopsak – og at vi liksom høyrer på ein fiktiv amerikansk radiostasjon med namnet «Kntry». Det er ikkje interessant, sjølv om folk som Dolly Parton leikar radiovert.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.