Bok

Krysseld av språk, liv og kropp

Dikta til den danske debutanten Amina Elmi er fylte av både energi og sorg.

Amina Elmi fekk Bogforums debutantpris for diktsamlinga frå i fjor.
Amina Elmi fekk Bogforums debutantpris for diktsamlinga frå i fjor.
Publisert

Dansk-somaliske Amina Elmi brakdebuterte med diktboka Barbar [Taushetens objekt] i fjor og hausta mange gode kritikkar i dansk presse. No er boka gjendikta til norsk av Tina Åmodt. Gjennom dikta og boka strøymer mange motiv og tematikkar. Det handlar mellom anna om ein død far, om brør, om heim, likekjønna kjærleik, eksil, heimløyse, framandgjering og identitet.

Samansett

Tekstane er like varierte i form og stil som emna dei tek opp i seg. Ein vert møtt av alt frå gateharde onelinerar proppa med freidig futt til slyngande og pur lengtande kjærleikspoesi. Tidvis vert gloser og språk på norsk og somali rista i hop, og referansane spenner frå førislamske mytar, Shakespeare, den palestinske poeten Darwish til rapparen Tupac, for å nemne nokre.

Heilskapsinntrykket er altså samansett. Diktaren freistar frenetisk å føye saman dei motsetnadsfylte betane og brokkane til ein skjør heilskap, ein mosaikk, eit språk, ein heimstad. Det stilistiske mangfaldet set verkeleg i scene kjensla av noko rastlaust: «nomadegenet pumper/ rundt i diktningen/ vi bygger hjem/ forlater det igjen».

Dikta til Elmi faldar ut aktuelle sosiale og eksistensielle problemstillingar og syner korleis forholdet mellom teiing og verbalisering vert akutt, korleis alt ser ut til å gravitere og peike mot kroppen og kroppane: «da jeg møtte søster din for første gang, sa hun miisan yeelo,/ legg på deg. Jeg lurer på om det var en måte å si: ‘skaff deg en kropp/ som kan være der for deg når verden ikke kan’».

Poetiske utsegner

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement