Bok

¿ Med glede over handlaga kniv

Å lage ein vakker tollekniv med godt bit, er ikkje for amatørar.

Denne staskniven er kjend under namnet «Dronningen» og laga av Arne Martin Solbjør. Skaft og slire er kledde med gull, og kniven er kjøpt av Vest-Telemark Museum.
Denne staskniven er kjend under namnet «Dronningen» og laga av Arne Martin Solbjør. Skaft og slire er kledde med gull, og kniven er kjøpt av Vest-Telemark Museum.
Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

Tollekniven har følgt menneske i Norden i 1500 år, sidan utvinning og tilverking av myrmalm vart kjent her. I Midtausten var dei meir enn 3000 år tidlegare ute med å ta jarnet i bruk. Før det skar mennesket med reiskapar av stein – flint og obsidian. Det siste er ein glasaktig bergart som kan bli kvassare enn stål. Skalpellar av obsidian skal framleis vere i bruk av kirurgar rundt om, jamvel i det teknologisk avanserte USA.

Thomas Winje Øijord, forfattar og fotograf, fekk ein gong ustyrleg lyst til å lage ein kniv. Då realitetssansen nådde han igjen, vart det i staden ei bok om knivar, mest tolleknivar. Han listar opp tre typar: brukskniven, staskniven og ein mellomting som han kallar laurdag føremiddags-kniv. Mellomtingen har noko dempa dekor. Alle har slire. Brukskniven var til kvardagslege og praktiske gjeremål; mange var ikkje kledde før kniven hang i beltet. Staskniven var mest til pynt på helgeklede og bunad, i høgtider. Dei som laga skaft og slire til stasknivane, utvikla sine geografiske særpreg i faget, som i annan folkekunst. Gleda ved å strekkje seg etter det fullkomne både som bitjarn og prydting må ha vore stor. Ordet gjekk om dei beste. Slikt har også dagens knivkjennarar greie på, og det vert skipa til utstillingar og tevlingar om kva dommarane tykkjer mest om. Norsk Knivforening gjev ut sitt eige blad, og foreininga protesterte mot lova som set forbod mot å bere kniv på offentlege stader, med nokre unnatak.

Kvasse knivar

Med boka vil Øijord ha fram igjen handverkstradisjonane som skapte tollekniven, og enkle verdiar som forfattaren tykkjer held på å falle vekk. Han meiner ein skikkeleg kvass kniv gjev opplevingar som vår tid ikkje aktar nok på. Vona ligg i at han trur tollekniven framleis har sin plass i folkesjela, kanskje djupt. Eksistensiell og sosial angst har no teke over etter redsla for det ukjende, det uforklarlege og det tilsynelatande unaturlege, skriv forfattaren. Mot alt det gamle verna kniven. Vetter og underjordiske kunne vere til både plage og direkte fare. Troll hadde henta eit lite barn og lagt igjen sitt eige. Men stål skydde dei alle. Ingen sov så trygt i vogga som guten eller jenta når dei hadde ein kniv med seg under fellen.

Skaknivar er det visst få igjen av – tolleknivar som hadde vore i bruk til å drepe eit anna menneske. Etter udåden måtte ingen vaske eller tørke dei. Med blodet på fekk dei magiske evner. Ein skakniv kunne stanse blodtap og lækje mange slags sår og sjukdommar. Skikken var at dei gjekk i arv frå far til son, men dei som har slike i dag, vil ikkje snakke om det.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement