Det improviserte i førarsetet
Scheen jazzorkester og Cortex fungerer godt saman.
I kvartetten Cortex finn vi Ola Høyer, Thomas Johansson, Dag Erik Knedal Andersen og Kristoffer Alberts.
Jazz
Scheen jazzorkester & Cortex:
Frameworks
Thomas Johansson og Finn Arne Dahl Hansen, trompet; Jon Øystein Rosland, Guttorm Guttormsen, André Kassen og Kristoffer Alberts, saksofonar; Line Bjørnør Rosland, klarinettar; Magne Rutle, Guro Kvåle og Åsgeir Grong, trombonar; Rune Klakegg, elorgel; Ola Høyer og Jan Olav Renvåg, bass; Jan Erik Knedal Andersen og Audun Kleive, trommer.
Clean Feed
Det har gått fem år sidan Thomas Johansson gav ut det førre tingingsverket skrive for Scheen jazzorkester, As We See It, også det utgjeve på Clean Feed.
Signaturen til Johansson er lett attkjenneleg, men her er orkestermusikken nettopp, som tittelen tilseier, rammer: rammer rundt eit svært så potent samarbeid mellom kvartetten Cortex og Scheen jazzorkester og lange strekk improvisert musikk.
Scheen jazzorkester hadde sin første konsert i Skien i 2010 og har base i grenlandsområdet.
Foto: Morten Bjerk
Konstruktivt komp
Ein kan gjerne understreka det paradoksale i at det mest spanande ved plata er nettopp dei lange improviserte strekka, men orkesterpartia er ikkje berre der som rammer, men også musikalske rundingsbøyer som tek dei solistiske ytringane i nye retningar. Samstundes er orkesterpartia der som imaginære bakteppe.
Noko av det mest spanande med Frameworks er kor konstruktivt dei to bass/tromme-tandema jobbar saman. Høyer, Renvåg, Knedal og Kleive balanserer dei tydelege ideane med intens groove på stadig varierande vis.
Studio Hamar teater
Både tittelkuttet og opningssporet «Hoo-Hah» er glitrande døme på dette kreative samarbeidet. Det sistnemnde kuttet inneheld i tillegg lange og utruleg velformulerte kor av Alberts på barytonsaksofon og Johansson på trompet
Plata er spelt inn i Hamar teater og sameiner energien i konsertsituasjonen med ein detaljert og balansert orkesterklang. Stor takk til Åsgeir Grong, Ingar Hunsgaar og Fridtjof A. Lindeman for det.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er frilans journalist og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.