Kunst

Noko å skrive heim om

Trondheim har sanneleg fått opp pulsen som kulturby. I dei seinare åra har trønderhovudstaden fått litteraturhus, feministhus og kunsthall. I 2021 opna Kjøpmannsgata Ung Kunst, i januar opna Nye Hjorten Teater, og 15. februar opnar PoMo.

I første etasje i museet er skulpturar av Franz West utstilte. Snakkeboblene som svevar i taket, er laga av Philippe Parreno. Foto: Eva Furseth
Publisert Sist oppdatert

I dei seinare åra har trønder-hovudstaden fått litteraturhus, feministhus og kunsthall. I 2021 opna Kjøpmannsgata Ung Kunst, i januar opna Nye Hjorten Teater, og i morgon opnar PoMo. 

Dette vert altså den andre store privateigde visningsstaden som Trondheim får på kort tid. Medan Kjøpmannsgata Ung Kunst er eigd av kunst naren Kjell Erik Killi Olsen, er PoMo eigd og styrt av Reitan-familien. Museet ligg midt i hjartet av byen, i Dronningens gate vis-à-vis Britannia Hotel og skulder ved skulder med Nye Hjorten Teater. Reitan-familien eig alle tre og har såleis bygd opp sitt eige nye kulturkvartal.

Ny møtestad

PoMo held til i det tidlegare hovudpostkontoret, ein vakker jugendstilbygning frå 1911 med ein karakteristisk fasade av grovhogd granitt, grøn puss og uthogde detaljar. Innvendig er huset omgjort til moderne museum, med alle dei krava som vert stilte til klima og lys.

Det er fint å sjå at ein god del av inntrykket frå hovudsalen i første etasje er teke vare på. Då tenker eg især på dei karakteristiske berande søylene som har posthornet innlemma i dekoren. Det er mange av oss som hugsar korleis det såg ut her då det framleis var post- kontor, drifta vart ikkje lagd ned før i 2011. Her støtte ein garantert på kjentfolk.

Det er eigentleg vemodig å tenke på kor mange slike offentlege møteplassar som har forsvunne. No er det helst på kjøpesentera at vi treffer på folk. Det er ikkje underleg at folk kjenner på einsemd.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement