Bok
O’hoi!
I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.
Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.
Foto: Svein Finneide
Det er ikkje berre berre å kome heim etter skipsreiarutdanning i utlandet, torpedering, nesten-drukning og eit opphald på sanatorium med tuberkulose. Skipsreiarsonen Herman Lauritzen frå Tønsberg får overta roret i familiebedrifta på 18-årsdagen, men før han kan ta over i praksis, må han sendast ut på kunnskapssanking. Etter tre år skal han kome tilbake og få byrje den regulerte ferda mot sjefsstolen.
Ny kurs
Det er berre det at med første verdskrigen stormande ute i verda, og med andre komplikasjonar i sving, tar det ni år før Herman vender heim. Då finn han familiegodset i forfall, personlege relasjonar og maktforhold forskovne og inngåtte avtalar brotne. Som han sjølv seier det: «Svik og dolkestøt på alle hold». Frå dette sjokkerande utgangspunktet gjer Herman sitt beste for å få drifta på rett kjøl igjen og stakar ut ny kurs med shippingerfaringa han har frå utlandet. Faren har vore pioner i overgangen frå segl til damp, sonen har festa blikket på overgangen frå damp til diesel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.