Bok
På latin frå København
1949: Éin (snart) erkebiskop ordna manus på latin, ein annan (dansk) fekk boka trykt. Ei pensjonert kontordame gjorde resten.
MESSEBOK. I Carsten Liens bokbunad var dette bok nr. 8 i serien Bokverk frå millomalderen, der Samlaget gav ut 11 titlar i 1929–91. St. Olav forlag gav ut boka på nytt i 1988, og Jan Schumacher gjendikta henne til bokmål i 1995.
Bokåret 2019 markerer at ein katolsk liturgi på latin er den eldste boka trykt på bestilling av nokon busett i Noreg. Jubileet kan feirast fordi kyrkjene ved erkeseta til dels kunne forme sine eigne gudstenester. Store kyrkjer, som dei i København og Nidaros, skriftfesta desse liturgiane i missal eller messebøker. Missale Hafniense for kyrkja i København kom i 1510, Missale Nidrosiense i 1519. I Trondheim var det eit skrivemiljø som brydde seg om korleis dei skreiv, konstaterer språkforskaren Ivar Berg, men innanfor ganske stramme rammer.
Kyrkja hadde sine gamle handskrifter, men dei var bokstaveleg talt forelda, og i trykt form kunne tekstane standardiserast. Med utdanning frå Tyskland var Erik Walkendorf erkebiskop i Nidaros frå 1510. Der tok han initiativet til Missale Nidrosiense. I Nidaros hadde Olav Engelbrektsson ansvaret for gudstenestene i Kristkyrkja. Han var også ansvarleg for utgivinga av messeboka for Nidaros saman med kantor Peter Sigurdsson. I 1519 fekk Walkendorf også trykt bøne- og hymnesamlinga Breviarium Nidrosiense i Paris.
Etter reformasjonen hadde desse to bøkene mest kulturhistorisk interesse. Berre ikkje for dei som heldt seg med den katolske trua. Ei av dei var Ragnhild Foss, som i 1929 konverterte til katolisismen.
Foreldra var frå Øvre Eiker og Kongsberg, men då Ragnhild Antonia Maria blei fødd sommaren 1883, hadde dei flytta til Sokndal i Rogaland. Ho tok middelskule i Egersund og handelsgymnas i Kristiania. Etter lærarår på Hadeland gjekk ho inn i forsikringsbransjen, først i Sigyn, frå 1916 i Storebrand, der ho som kontorfullmektig gjekk av for aldersgrensa i 1943.
Då hadde ho alt sett sine første spor i skrift, sikkert påverka av farens sterke interesse for språk og litteratur. I alders år lærte han seg gresk og las Det nye testamentet på grunnspråket. Ragnhild studerte særleg fransk og italiensk, men også så mykje latin at ho i 1938 gav ut Latinske hymnor og sekvensar. Det gjorde ho så godt at bibelomsetjar og biskop Ragnvald Indrebø skreiv: «Ein lyt vone at det beste or denne salmeskatten på nytt kan verta sunge i kyrkjene våre med tida.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.