Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Påske 1981

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1494
20240802
1494
20240802

Knut Hamsund: Dikte Les upp att. Lenge sidan sist. For lenge sidan har eg sett krossar ved dikti til Bjørnson, «Nordland», «Skjergardsøy». No merkjer eg òg ut diktet «Ved Böcklins Død». Det er godt bygt, fast, det er konkret, for han går ut ifrå bilete han har sett av meisteren, Jau, dette diktet er meisterleg, eg skal ikkje segja noko um Böcklin som målar.

«Himmelbrev til Byron» er skralt, – og dumt. Elles er dikti svært tidsbundne og litterære; språket reint dansk. Eit merkeleg dikt er «Margaret Mort», um den blinde gjenta.

Elles: kavaler-dikt. Synd han ikkje var fødd junker! Men so beisk kan lagnaden vera. At ein «adelsmann» skal vera son av ein fatig bonde! Det er for gale!

Ikkje for det, ætti til Hamsun var god nok, gamal ætt frå Gudbrandsdalen. Han kunde godt krøkja nasen og kjenna seg like god som etterkomarane av desse innflyttarslektene som hadde spela storfolk dei siste hundre åri her i landet – Krag, Krogh, Munthe osb. Det var som oftast so som so med den adelskapen deira.

Siste åri til Trakl, verre og verre. Fyll, gift, pengevanskar – det laut enda gale. Rett kom krigen og gjorde ein ende på elende. Enden hadde kome likevel, han var so djupt sokken at vanvit var einaste utvegen. Men merkeleg nok: diktaren var levande og sterk i han til det siste. Og umsut for dikti, at dei vart rett prenta, med dei siste rettingane.

«Eg har ingen rett til å draga meg unna helvete.» Det sa Trakl. Og det er so, me har ikkje krav på berre glede i livet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Knut Hamsund: Dikte Les upp att. Lenge sidan sist. For lenge sidan har eg sett krossar ved dikti til Bjørnson, «Nordland», «Skjergardsøy». No merkjer eg òg ut diktet «Ved Böcklins Død». Det er godt bygt, fast, det er konkret, for han går ut ifrå bilete han har sett av meisteren, Jau, dette diktet er meisterleg, eg skal ikkje segja noko um Böcklin som målar.

«Himmelbrev til Byron» er skralt, – og dumt. Elles er dikti svært tidsbundne og litterære; språket reint dansk. Eit merkeleg dikt er «Margaret Mort», um den blinde gjenta.

Elles: kavaler-dikt. Synd han ikkje var fødd junker! Men so beisk kan lagnaden vera. At ein «adelsmann» skal vera son av ein fatig bonde! Det er for gale!

Ikkje for det, ætti til Hamsun var god nok, gamal ætt frå Gudbrandsdalen. Han kunde godt krøkja nasen og kjenna seg like god som etterkomarane av desse innflyttarslektene som hadde spela storfolk dei siste hundre åri her i landet – Krag, Krogh, Munthe osb. Det var som oftast so som so med den adelskapen deira.

Siste åri til Trakl, verre og verre. Fyll, gift, pengevanskar – det laut enda gale. Rett kom krigen og gjorde ein ende på elende. Enden hadde kome likevel, han var so djupt sokken at vanvit var einaste utvegen. Men merkeleg nok: diktaren var levande og sterk i han til det siste. Og umsut for dikti, at dei vart rett prenta, med dei siste rettingane.

«Eg har ingen rett til å draga meg unna helvete.» Det sa Trakl. Og det er so, me har ikkje krav på berre glede i livet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis