Klassisk

Pikant tone

Capponi var ein italiensk abbed med kjærleik til mandolin.

Mandolinisten Anna Torge. Foto: Sebastian Eichhorn
Publisert Sist oppdatert

Det er i den siste tida kome ut ei rekkje album med musikk av totalt ukjende barokkomponistar, dei fleste frå Italia. No er det Abbate Ranieri Capponi (1680–1744) som blir lyft ut or gløymsla av den tyske mandolinisten Anna Torge. 

Om komponisten veit me fint lite, bortsett frå at dette var ein italiensk abbed med kjærleik til mandolin. Hans Sonate da Camera per varj Strumenti, ei samling med tolv sonatar for ulike instrument, kom ut i Firenze i 1744 og var tileigna fyrstebiskopen av Köln

Koparstikket som pryder noteutgåva, syner Firenzes skyline, noko som tyder på at Capponi kan ha vore florentinar. Biletet gjev også ein peikepinn på kva han meinte med per varj Strumenti («for ymse instrument»). I tillegg til bassinstrumenta cello og lutt ser me nemleg melodiinstrumenta fiolin, tverrfløyte – og mandolin.

Bivrande

Mandolinen, det minste instrumentet i luttfamilien, var populær på 1700-talet, sjølv om få verk blei skrivne spesifikt for han. Den karakteristisk perlande klangen kjem av at instrumentet har dobbelt strengesett (to identisk stemte strenger per tone), og at desse blir plukka på med eit plekter laga av fjørskaft. Lyden er difor «eksplosiv», men kort. 

Skal ein halda på tonen, lyt ein spela trillar eller nytta teknikken tremolo, ei snøgg oppattaking av tonen som gjev ein bivrande effekt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement