Musikk
Snusmumrikkmusikk
Lydsporet til det nye norske spelet om Mummidalen er fredsælt, men Sigur Rós kunne det vore forutan.
Snusmumrikken: Melodien i Mummidalen er eit spel med musikk i sentrum. Det er utvikla av norske Hyper Games, og musikken er komponert av Oda Tilset med bidrag frå det islandske postrockorkesteret Sigur Rós.
Komposisjonane til Oda Tilset er minimalistiske og avslappande. Hovudtemaet byggjer variasjonar kring ein roleg melodi, framført på omgang med silkemjuke fløyter, fyldig kassegitar og romsleg melodisk perkusjon, krydra med fredsæl, forsiktig, men kontant slagverk. Sjølvsikre pianotriller og stakkato stryk blandar seg inn i den fredfulle sildringa i den jamne lydrøra.
Mummidalen er jo ein frodig stad, og her kan ein formeleg høyre graset gro og blomane opne kronblada i morgondogg, fager kveldsol og skimrande måneskin – samstundes. Dette er musikk som nullar ut tidsoppfatninga; eg synest eg høyrer ein og annan underleg synthtone her og der, men uansett korleis lydbileta er konstruerte, er dei dominerte av akustiske instrumentlydar. Likevel minner den tilbakehaldne, presise stilen og rolege stemninga om Haruomi Hosonos legendariske bakgrunnsmusikkstykke frå 1984, Watering A Flower.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.