Bok
Språk som kampsone
Ein lesar av Grepstad er dømd til å lære noko nytt, nærast frå side til side.
«Markhusbane» er ein leivning frå språkstriden mellom Trondhjem og Nidaros som i dag finst på Trøndelag folkemuseum.
Foto: Tore Krogh Albertsen
Grepstad har dei siste åra produsert ei stor mengd bøker, eit lite frølager om språk og samfunn, og om språkvilje generelt. Den førre, Brent ord, om norske bokbål som flamma mot samnorsk og nynorsk, får i Farlege språk eit globalt framhald. At ord brenn og har brunne – og folk som brukar dei òg, i ytste fall – er mørk sanning, syner han.
Ein lesar av Grepstad er dømd til å lære noko nytt, nærast frå side til side. Her gjer forfattaren reisa ut i verda, i ei historisk lesebok, som er undertittelen. Og mykje kjem den lesande til gode. Ein får god innsikt i språk som grunnlag for – eller som aksentuerande element i – valdelege konfliktar.
Språk kan opplevast farleg både av makthavarar og mobb; begge kan drepe av redsle for kva språk kan utrette mot dei. Ein gong var trugsmålet straff frå Gud, om nye og potensielt djevelske tankar vann fram gjennom det som feil ord, nye eller gamle, sa. Men også dei som stod bak revolusjonar, kunne bli redde for kva våpen språk kunne vere hos fiendar, til dømes som leivningar av fortid som nyrevolusjonerte samfunn alltid er fulle av.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.