Bok
Språkdommaren in persona
Finn-Erik Vinje hadde meiningar så mange at mange meinte mykje om han.
Professor emeritus Finn-Erik Vinje laga eit framlegg til Grunnlova på eit meir moderne bokmål i 2014.
Foto: Berit Roald / NTB
Snart har vi ein generasjon som ikkje veit kven Finn-Erik Vinje var, ein etterkommar etter Dølen, kanskje. Det er han bestemt ikkje. Vår Vinje drog ikkje opp dal og over fly, men sprang spaltelangs og frå studio til studio.
Medieprofessoren
I Noreg elskar vi å diskutere språk. Språk er breiddeidrett. I dag vinn språkbøker prisar. Vinje fekk ingen Brage, men mange hugsar Språkreglar og namnet på andre bøker, der han sa kor skapet skulle stå i teksten. Så er vi mange som har humra oss gjennom forklaringane på alt mellom himmel og jord i vår språkheim, i Språkteigen i NRK, der han briljerte i samspel med Olav Vesaas.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.