Bok

«Språklege overraskingar i nesten kvar line.»

Kristina Lugn var både lyrikar og dramatikar. Utgjevingane Hei så lenge, ha det bra! og Slett ikkje verst er komne ut etter at ho døydde i 2020.
Kristina Lugn var både lyrikar og dramatikar. Utgjevingane Hei så lenge, ha det bra! og Slett ikkje verst er komne ut etter at ho døydde i 2020.
Publisert Sist oppdatert

Heimlaus og forlaten i Folkhemmet

Språklege overraskingar finst i nesten kvar line hos Kristina Lugn.

Etter at den svenske lyrikaren Kristina Lugn (f. 1949) døydde i 2020, kom det to posthume utgjevingar: Hei så lenge, ha det bra! i 2023, som blei nominert til Nordisk råds litteraturpris. Og i 2022 kom Slett ikke verst, som samla etterlatne dikt og skisser. Desse har Camilla Groth gjendikta til eit svært kvikt og direkte språk, heilt i tråd med Lugns poetiske stil. Lugn skriv ein livleg, rå, beisk og leikande poesi som det er ei stor glede å lese. Overraskingar finst i nesten kvar line.

Lugn fører vidare arven etter den svenske 60-talskonkretismen, med poetar og forfattarar som Sonja Åkesson, Jarl Hammarberg og Erik Beckman. Lugn var ein skikkelse i svensk ålmente og blei og er ein folkekjær poet. Ho skreiv også ein del dramatikk, oppført på det vesle Teater Brunnsgatan Fyra som Allan Edwall dreiv, og som Lugn seinare leia.

Om det er noko som heimsøker båe desse diktbøkene, er det døden, i alle fasettar. Hos Lugn representerer døden eit utal vekslande tydingar, frå å vere svært angstskapande og skremmande til noko nesten kjærleg eller burlesk: «Det fins en De Døde mammaenes lekeplass/ nord for kirkegården, en fornøyelsespark/ rett ved siden av skyttergravene, et ødelagt tivoli/ der alle barna får fribilletter.»

I eit opplysande og poengtert etterord kallar Camilla Groth poesien til Lugn for «kjøkkenbenkrealisme» og peikar på kor sentralt huset, heimen, ja, «folkhemmet» er som konkret og metaforisk utgangs- og referansepunkt i desse to diktbøkene. Og som med døden blir desse omgrepa nytta i ei rekkje ulikarta og kontrastrike tydingssamanhengar, både som klaustrofobisk kvinnefengsel og stad for eksistensielle grubleri. I strofe to i diktet sitert ovanfor står det: «Kjærligheten evner overhodet ingenting/ om den ikke iverksettes./ De hjemløse sier aldri/ at jorden er menneskets hjem.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement