JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

«Som få evnar Frode Grytten å skildre menn som av ymse grunnar fell utanfor.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sju menn fortel sju historier knytte saman av musikk og ein fellesskap om det å ikkje høyre til.

Foto: Den Nationale Scene

3876
20240412
3876
20240412

Den Nationale Scene, Store Scene

Frode Grytten:

Menn som ingen treng

Regi og tilrettelegging:
Lasse Kolsrud
Scenografi: Bård Lie
Thorbjørnsen
Kostyme: Milja Salovaara
Lys: Silje Grimstad
Musikalsk arrangement og leiing: Helge Lilletvedt

Desse stakkars mannfolka

Ei form for musikkteater som skaper scenisk heilskap og fungerer overraskande godt.

Som få evnar Frode Grytten å skildre menn som av ymse grunnar fell utanfor, og han gjer det utan å dømme eller kritisere. Han syner fram det han observerer, og så er han også i stand til å finne songar som høver til kvar einaste sinnsstemning, kvar einaste lagnad. Alt der ligg ei oppskrift på suksess.

Så har regissør Lasse Kolsrud, Gryttens kunstnarlege åndsfrende gjennom mange år, i samarbeid med musikalsk ansvarleg Helge Lilletvedt, fått spele med ein strykekvartett og ein livemixsamplar (Eirik Sundaran Blåsternes) som i harmoni med dei godt syngande skodespelarane skapar musikkteater av høg kvalitet. Saman formar dei ein musikalsk einskap som ber denne framsyninga frå byrjing til slutt, og som finn fin støtte i Silje Grimstads lyssetjing.

For eigentleg er dette teater av aller enklaste slag, tradisjonelt forteljeteater. Sju menn med kvar sin lagnad gir oss forteljingane sine, stykkevis og delt. Dei er namnlause, men i alder frå 63 til 19 år, og ingen av dei høyrer heime i dei øvre samfunnslaga. Dei både er og er ikkje saman, kvar har si historie å fortelje – enten det skjer frå setet på ein stressless, i ein sofa eller bak ein mikrofon. I stadig rørsle deler dei dei ofte vonde røynslene sine, men utan å kommunisere direkte med kvarandre. Det opplever eg som den einaste større veikskapen i tekst og framsyning. Men måten musikken er nytta på, knyter dei saman på eit vis som kompenserer for noko av dette.

«Menn som ingen treng er musikkteater av høg kvalitet.»

Mange vonbrot

I sum blir stykket ei samling historier med mange vonbrot, mange nederlag og mange tap. Einsemd, sakn, samanbrot, hjelpeløyse, forelda mannsideal, få lyspunkt. I kva grad desse karane er offer, kan nok diskuterast, og det er heller ikkje like klart kven eller kva dei i så tilfelle er offer for.

I 2016 gav Grytten ut ei novellesamling med same tittel som stykket. Tematikken er den same, og tvillaust lett å kjenne seg att i for mange, men personane og lagnadane i sceneteksten er heilt andre.

 Dei sju er «vanlege folk», og alle har vel eigentleg ikkje falle heilt utanfor. Vi møter ein enkemann (Jon Ketil Johnsen) som er forbitra over at den rike staten ikkje hadde råd til å gi kona hans den kreftmedisinen ho trong; ein krigsveteran med seinskadar (Hugo Mikal Skår), men med ei støttande kone og eit system som tek han under behandling.

Molltonar

Men også ein polsk innvandrar (Jonatan Filip) med vage draumar; ein bostømmar (Terje Ranes) som ønskte seg ein stor barneflokk, men aldri fekk kone og born; ein 45-åring (Kristoffer Sagmo Aalberg) som ikkje vil ha eit fast forhold, men ligg med kvinner så ofte han kan; ein gatefeiar (Jonas Fuglevik Urstad) som går inn og ut av homofile forhold og ikkje finn noko fast; og 19-åringen (Teo Tomczuk) som kan vere ein potensiell skuleskytar.

Samspelet mellom dei sju, som strengt teke ikkje er så mykje tradisjonelt samspel, fungerer bra. Samspelet mellom songen, strykekvartetten og samplaren verkar bortimot perfekt, enten dei tolkar Waits, Springsteen, Cave, Bowie eller andre som har ytra seg musikalsk om å vere mann. For strykekvartetten, fire kvinner iført rideantrekk frå førre hundreårsskifte, har Helge Lilletvedt omarbeidd desse låtane og gitt dei ein klassisk sound som stundom lyder schubertsk. Det verkar framifrå, med molltonar (stort sett) som både kommenterer og strekar under tematikken.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis