Utsyn frå Inderøy

Ikkje eit eige språk

Taras Sjevtsjenko (1814–1861) var diktar, kunstnar og humanist. Mange ser på han som Ukrainas nasjonalskald.
Taras Sjevtsjenko (1814–1861) var diktar, kunstnar og humanist. Mange ser på han som Ukrainas nasjonalskald.
Publisert

For vel eit år sidan kåserte eg i Oslo om tilhøvet mellom Ukraina og Russland. Det var spent, ikkje fullt så spent som no, på etterjulsvinteren i 2022, men spent.

Den første som melde seg med eit spørsmål, var ei russisk kvinne som, litt forundra, spurde meg om eg var klar over at ukrainsk ikkje var noko eige språk. Eg svara at eg ikkje var klar over det; til liks med svensk, som er eit eige språk, ser eg på ukrainsk som eit eige språk, annleis enn russisk.

Ho heldt fast ved at ukrainsk ikkje var eit sjølvstendig språk. Eg meinte tida var inne for litt språkpedagogikk, ikkje ein altfor stor, men passe stor dose. Resonnementet hennar gjekk ut på at det likna så mykje på russisk at det ikkje kunne ha status som eige språk.

– Eit slikt syn kan du ikkje marknadsføra her i landet. Har du høyrt om Ivar Aasen, spurde eg slesk.

Det hadde ho ikkje. Mange nordmenn har ulike syn på Aasen, sa eg, men også dei fleste av dei som er skeptiske til nynorsken og målreisingsarbeidet, meiner at nynorsk er eit eige språk med sin eigen litteratur, sitt eige formverk og sin eigen grammatikk.

– Men forfattaren Sjevtsjenko har du høyrt om, spurde eg med von i røysta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement