Å vakte sine metaforar
Dehumanisering med hjelp av metaforar er noko vi finn døme på i så å seie alle krigar.
Når hemnen er i gang, som i Israel akkurat no, er metaforane med på å rettferdiggjere drap på uskuldige, skriv Norunn Askeland og Magdalena Agdestein-Wagner.
Abir Sultan / AP / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Språk
Metaforar er overalt i språket, i alle fagområde og i alle samanhengar. Det er berre å slå opp i ei avis eller høyre på Dagsnytt, og metaforane vil strøyme mot deg.
I ein kommentar til den pågåande krigen i Midtausten skreiv journalist Morten Strand følgjande: «Trykk-kokern Gaza gikk i lufta med et smell da terroristene i Hamas spredde død og fordervelse på bestialsk vis i Israel.» Lenger nede i kommentaren siterer han den israelske forsvarsministeren, som sa følgjande: «Vi slåss mot menneskelige dyr, og vi oppfører oss deretter.»
Journalisten kommenterte dette slik: «Som sagt, så gjort. Hevnen er i gang, og for å legitimere den, er menneskene i Gaza, i et israelsk perspektiv, å betrakte som dyr. For språk har blant annet definisjonsmakt.» (Dagbladet 17. oktober 2023).
«Det å omtale fienden som dyr, har ei lang historie.»
Det å omtale fienden som dyr, har ei lang historie. Vi har president Bush sine ord frå 2001 i ferskt minne, då han ville ta hemn for terroraksjonen mot tvillingtårna i New York: «We’ll smoke them out». Motstandarane Taliban vart karakteriserte som som noko ein kan røykje ut, som skadedyr.
Eit svært ferskt eksempel har vi frå Israels forsvarsminister, som sa «[v]i vil utslette denne tingen som kalles Hamas». Islamsk kulturelle senter oppfatta dette som at Israels forsvarsminister dehumaniserte palestinarar ved å referere til dei som ting. Det å omtale folk som ting, er rett nok ei dehumanisering, men det er viktig å ha klart for seg at akkurat dette ikkje vart sagt om palestinarar generelt, men om Hamas.
Dehumanisering med hjelp av metaforar er noko vi finn døme på i så å seie alle krigar.
Det er viktig å protestere mot krig og bombing av uskuldige. Men ein må vakte sine metaforar. Aftenposten fortalde om ein norsk student i Polen som vart ei verdsnyheit i løpet av ei helg for ikkje lenge sidan. Ho protesterte mot bombinga av Gaza med ein plakat der det stod «Keep the world clean». På plakaten var det også teikning av eit menneske som kasta ei davidsstjerne opp i ei søppelkasse.
Davidsstjerna er eit jødisk symbol, og mange tolka plakaten slik at studenten ville halde verda rein for jødar, og at jødar med andre ord var noko skittent ein måtte kvitte seg med. Det viste seg at plakaten blei tolka som antisemittisk av fleire, inkludert dekanen på universitetet, den israelske ambassadøren i Polen og den polske visestatsråden. Studenten sa sjølv at plakaten ikkje handla om jødar, men om den israelske regjeringa. Det var nok sikkert slik ho tenkte, og det får vi tru henne på.
Men i slike saker er det klokt å kjenne si historie og vite kva samanheng ein bruker metaforen i. Vi veit at i perioden 1938 til 1945 vart meir enn seks millionar jødar drepne, på grunn av teoriar om reine rasar og reint blod. På denne tida måtte dei polske jødane gå med ei sekskanta, gul stjerne med same fasongen som davidsstjerna, med teksten «jøde». Og når demonstrasjonen skjedde i Polen, var det mange erfaringar som vart aktiverte av plakaten.
Kanskje var metaforen «clean» noko positivt for den aktuelle studenten, henta frå diskusjonar om miljø. Der snakkar vi gjerne om å halde verda rein, og det blir oppfatta konkret og positivt, men metaforisk bruk i den polske konteksten, og i europeisk historiekontekst, var svært uheldig.
Ein må vakte sine metaforar, særleg i denne samanhengen, også når vi veit at liknande teoriar om reint blod og reine rasar har lege til grunn for diskriminering av minoritetar i Noreg og i heile verda. Men når hemnen er i gang, som i Israel akkurat no, er metaforane med på å rettferdiggjere drap på uskuldige.
Norunn Askeland og Magdalena Agdestein-Wagner er forfattarar av Metaforer – hva, hvor og hvorfor? og har laga podkasten Metaforprat.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.