I dei fem åra eg redigerte Syn og Segn, varsla eg på siste sida i kvart nummer kva dato neste nummer kom frå trykkjeriet. Det kunne eg gjere fordi Gjøvik Trykkeri heldt nøye orden på kalender og klokke. Difor blei kvart nummer sendt ut den dagen som var varsla mange månader før.
I biografien om Finn-Erik Vinje hevdar Per E. Hem at Dagbladet fekk Tove Bulls artikkel om Vinje «kort tid før tidsskriftet ble distribuert». I Dag og Tid 26. april vrir Steinar Løberg dette til at Dagbladet «fikk teksten før han blei prenta». Begge spikrar det fast. Begge bommar på spikaren.
Det var tingarane som heldt bladet oppe og dermed var dei viktigaste lesarane. Difor skulle tingarane kunne lese det nyaste nummeret før det var i sal i bokhandlar og kioskar. I 1980-åra var dette mogleg av di Posten framleis gjekk med post.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.