«Breidlid skil i det heile ikkje mellom forsking og aktivisme»
Foto: Edvard Thorup / Dreyers forlag
Anders Breidlids føreseielege kritikk av Kaj Skagens intervju med meg i Dag og Tid førre veke om blant anna norsk politikk i Sudan er interessant på eitt punkt: Han illustrerer tydeleg sentrale og mektige tenkemåtar innanfor det humanitærpolitiske komplekset. Ja, han gestaltar forskingsfarsen som dette komplekset organiserer.
Breidlid underteiknar innlegget med «professor ved OsloMet», men skil ikkje i det heile tatt mellom forsking og aktivisme – eit trekk som har vore eit av dette politikkfeltets viktigaste kjenneteikn og største svakheiter sidan det oppstod på 1960-talet. Difor finn han det irrelevant å informere lesarane om at når han skriv om norsk bistand til Sør-Sudan, har han sjølv brukt store delar av livet sitt der på å drive bistandsarbeid finansiert av den norske staten.
Han var ansvarleg for Kirkens Nødhjelps omfattande utdanningsprogram frå midten av 1980-talet og dreiv to masterkurs der nett i dei åra Sør-Sudan fekk sjølvstende – alt finansiert over bistandsbudsjettet.
Han nemner heller ikkje at han var leiar for den politiske støttegruppa for fred i Sudan frå 1998 til 2005, og at han var ein av dei nordmennene som vart personleg inviterte av regjeringa i Sør-Sudan og leiaren Salva Kiir til feiringa av sjølvstendet i 2011 – nettopp på grunn av den politiske aktivismen til støtte for dei.
Eg kritiserer ikkje aktivistane, men ein forskar som ikkje reflekterer ope over slike bindingar, veit ikkje lenger kva forsking er, og langt mindre kva uavhengig forsking er.
Det er også talande at Breidlid, i kritikken av analysane mine, viser til fire personar som er einige med han, og som han kallar «Sør-Sudan-ekspertar», i staden for å vise kor eg konkret tar feil. Han trekker blant anna fram Arve Ofstad og Ingrid Ofstad, begge byråkratar i Norad og ambassadørar for Noreg, den eine til og med var ambassadør i Sør-Sudan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.