Dei som bevegar verda

Ingeniørar har stått bak mang ei teknologisk utvikling.
Ingeniørar har stått bak mang ei teknologisk utvikling.

«Utan teknologi, ingen kultur eller samfunn.»

Publisert Sist oppdatert

Eg vil takka historikaren Håvard Teigen for eit spanande lesarbrev 23. august, «Historikarane, Napoleon og Spinning Jenny», der han tek til motmæle mot meg og innhaldet i min artikkel «Utan ingeniørar, inga danning» den 9. august. Han verkar krenka på vegner av historikarane.

Helmer Dahl og boka hans Teknikk, kultur og samfunn, som artikkelen min tek utgangspunkt i, viser særs tydeleg at det er ingeniøren som har lagt grunnlaget for kulturen og samfunnet me lever i. Me er samde. Denne måten å sjå verda på var ny for meg då eg fyrst las boka for meir enn førti år sidan.

Ein ting er kva folk har skrive i bøker som står i nedstøva bokhyller hjå Håvard og meg, noko heilt anna er kva ein lærer på skulen. Historieundervisninga i vidaregåande skule har 28 kompetansemål, og berre eitt av dei handlar om teknologi: «Eleven skal kunne reflektere over hvordan teknologiske omveltninger fra den industrielle revolusjonen til i dag har endret menneskers liv og formet forventninger til framtiden.»

Den teknologiske utviklinga starta sjølvsagt mykje tidlegare enn den industrielle revolusjonen. I tillegg endra ikkje teknologien berre livet vårt, men kulturen og samfunnet òg.

Kva med historiefaget på universiteta? Lat oss sjå på studietilbodet ved det største og beste universitetet vårt, Universitetet i Oslo. Eg har gått igjennom alle emna og finn ikkje eit ord om teknologi. Konklusjon: Me utdannar historikarar som er heilt medvettslause om kva som styrer historia. Her må nok Helmer Dahl inn på pensumlista fortare enn råd er.

Så gjer Håvard meg merksam på økonomen Nikolaj Kondratjev sin bylgjeteori. Eg har brukt helga til å lesa, med stor glede. Å kalla det teori er vel å dra det langt, men at nye tekniske oppfinningar dreg vekslar på gamle, er vel ikkje so overraskande. Nei, då har eg meir sans for økonomen Joseph Schumpeter sitt omgrep kreativ destruksjon. Det å erstatta det gamle med noko dramatisk nytt. Det er det som driv verda vidare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement