Ordskifte
Eit nett av lyntog er avsporing
Representantar for Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) aksjonerer framfor Stortinget hausten 2008: Dei vil ha lyntog og har kledd seg ut som eit. Foto: Knut Falch / NTB
I Dag og Tid 31. januar meiner sivilingeniør Ivar Sætre at eg tek feil når det gjeld moderne tog. Eit nett av lyntog kan byggjast i løpet av 10–15 år til ein kostnad av 600 milliardar kroner i 2012 og kanskje til 1800 milliardar i dag. Dette er mindre enn 10 prosent av oljefondet og den beste og mest lønsame investeringa Noreg kan gjere, skriv Sætre.
Så syner han til Deutsche Bahn International si utgreiing av 2012 om lyntog.
I Sør-Noreg, mellom Oslo og byane Kristiansand, Stavanger, Bergen, Ålesund og Trondheim (og vidare til Stockholm og Göteborg), vart det foreslått lyntog som eit fleirbrukskonsept for langdistanseregional- og godstransport. Varetransport kan om natta flyttast frå lastebil til tog, noko som reduserer utslepp.
Kva seier så kinesarane, som har mest røynsle med lyntog i verda, om utslepp og kostnader? I ein debatt på CCTV for 15–20 år sidan sa den fremste kinesiske eksperten på lyntog dette med tanke på lyntoga si framtid: Toga må redusere farten for å få ned utslepp og kostnader. Berre pengefolka hadde råd til å bruke dei. Kina har i dag 10.000 kilometer med lyntogtrasé som er halvparten av all togtrasé på jorda, og det var lita interesse for vidare utbygging av lyntog utanom Kina.
Eit dårleg norsk vegnett vert brukt som argument for lyntog i Noreg. Men kva om vi brukte 2000 milliardar kroner frå oljefondet for å styrke 10.700 kilometer riksvegnett i tillegg til 5000 kilometer fylkesveg, slik vi fekk 16.000 kilometer god stamveg som grunnlag for ei god stamruteteneste i alle delar av landet?
Det er utruleg at Sætre meiner at dette ikkje vil auke fartsstandarden i stamrutetenestene monaleg. Det vert brukt 20 milliardar på utbetring av riksvegnettet årleg, halvparten frå bompengar og resten frå staten, som hentar inn minst 10 milliardar i særavgifter frå vegbrukarane. Utbetring av riksvegtrasé kostar ofte mindre enn 200 millionar kroner per kilometer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.