Fotball og laksediplomati
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.
Ein tilhengjar støttar det saudiarabiske fotballaget.
Foto: Mohamed Abd El Ghany / Reuters / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Fotball-VM
I leiaren i Dag og Tid 13. desember blir det trekt fram at Noregs Fotballforbund (NFF) og Amnesty kritiserer Saudi-Arabia fordi dei moglegvis ikkje fekk tildelt meisterskapen på ærleg vis, og fordi forholdet dei har til menneskerettar, har eit betydeleg forbetringspotensial. I leiaren får NFF skryt for å vera uredde og prinsippfaste.
Kva seier norske myndigheiter om same landet? På nettsida til Noregs ambassade i Riyadh kan me lesa: «Det bilaterale forholdet mellom Norge og Saudi-Arabia er godt, men det er potensial for mer samarbeid og kontakt, særlig innen industri, handel og næringsliv, samt innen akademia, kultur og andre områder.»
Og: «Handelen mellom Norge og Saudi-Arabia har de siste årene vært relativt beskjeden og ligget omtrent jevnt på litt i overkant av 2 milliarder kroner», der laks utgjer ein stor del.
Det blir også trekt fram at det er reformer på gang i landet.
Myndigheitene våre meiner det er pengar å tena og band å binda med Saudi-Arabia, og at ting er på rett veg. Medan NFF meiner dei ikkje burde fått tildelt meisterskapen slik situasjonen er no.
Kva skal dei som berre interesserer seg for fotball kvart fjerde år, meina? Eg meiner det er feil å hogga hovudet av folk, men konstaterer at det ikkje hindrar oss i å handla og spela fotball med blant andre USA og Kina, som avrettar folk med meir moderne metodar. I Kinas tilfelle puttar ein til og med ein god del folk i leirar, så dei kan «konsentrera seg».
Fortener Saudi-Arabia meir merksemd fordi dei skal arrangera endå eit nytt idrettsarrangement? Absolutt. Klarer NFF å endra norsk utanrikspolitikk og handels- og reisemønster med kritikken sin? Truleg ikkje.
Med dei siste prestasjonane til herrelandslaget friskt i minne kan det godt vera at Noreg klarar å kvalifisera seg til denne meisterskapen. Då blir det kanskje ein ny debatt om boikott, slik det vart diskutert i forkant av VM i Qatar. Eg postulerer at me ikkje kjem til å boikotta VM viss me klarer å kvalifisera oss, og fordi det flyr mange laksar i byte mot klingande rijalar. Eg er meir usikker på om sjeiken som opnar meisterskapen, vil sitera pave Johannes Paul 2. under opningsseremonien: «Av alt ubetydeleg i verda er fotball det viktigaste.»
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.