Grunnlovsframlegg om språk
Segl og signaturar i Grunnloven.
Foto: Stortinget
I tilslutning til Ottar Grepstads kritikk i Dag og Tid nr. 27 av ordlyden i grunnlovsframlegget om norsk som nasjonalt hovudspråk finn eg grunn til å framheva følgjande passus i grunngjevinga frå forslagsstillarane:
«I denne samanhengen må norsk språk forståast i vid forstand, slik at det omfattar både standardiserte og ustandardiserte skriftlege og munnlege variantar av norsk. Det vil seie nynorsk og bokmål i sine ulike variantar, og heile breidda av munnleg norsk frå dialektar til nynorsk og bokmål som standard-talemål.» (Dokument 12:4 (2023–2024), s. 1.)
Slik må det sjølvsagt vera om ikkje grunnlovsfestinga skal verka innsnevrande og dermed gjera meir skade enn gagn. Det er derfor viktig at dette er sagt så klart og tydeleg i lovpremissane, og at det dermed ikkje er tvil om intensjonen med grunnlovsføresegna.
Spørsmålet er korleis dette skal konverterast til lovtekst, slik at det ikkje blir motstrid mellom ordlyd og intensjon. Kjernen i problemet er korleis ein skal få uttrykt, utan at det framstår som ein logisk brest, at norsk er to språk, men likevel eitt. For slik må det bli, terminologisk sett, med mindre ein går tilbake til å bruka merkelappen «målform» om nynorsk og bokmål. Grunnen til at denne termen no offisielt er forkasta, var opphavleg at ein ville bidra til å gje også nynorsk, som mindre brukt enn bokmål, ein fullverdig status, dvs. status som fullverdig språk.
I § 4 i språklova er det først fastsett at norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg, deretter at bokmål og nynorsk er likeverdige språk, at desse skal kunne brukast i alle delar av samfunnet, og til slutt at dei i offentlege organ er jamstilte skriftspråk. Kvar for seg er desse fire elementa i sitt innhald heilt ok, men forholdet mellom dei to første kan verka noko språkleg og logisk forvirrande, og dei to siste treng ikkje vera med i ei grunnlovsføresegn, som helst skal vera kort og overordna.
Det forslagsstillarane etter intensjonen synest ønskja uttrykkja, er at bokmål og nynorsk er likeverdige og likestilte språk som saman med andre variantar av norsk skal ha status som nasjonalt hovudspråk i Noreg. Forenkla kunne dette formulerast om lag slik:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.