Jernbanen har for dårleg punktlegskap
– Vi har sett i verk ei rekkje tiltak som saman skal fornye jernbanen og redusere forseinkingane og innstillingane på sikt.
Sverre Kjenne er konserndirektør for Digitalisering og teknologi i Bane Nor.
Foto: Aksel Jermstad / Bane Nor
Les også
Stykkevis og delt
Les også
Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg.

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Samferdsel
Nyleg presenterte Riksrevisjonen rapporten sin om situasjonen på norsk jernbane. Konklusjonen overraskar ingen: For få tog går i rute.
Dag og Tid hadde ein gjennomgang av rapporten i førre veke, «Politiske signalfeil».
Riksrevisjonens rapport peikar på at medan Bane Nor har fått meir pengar, har talet på forseinkingar og innstilte avgangar auka. Det gjeld både for godstrafikken og persontransporten på skjener.
Så kan vi stille oss spørsmåla om kvifor infrastrukturen er for dårleg, og korleis skal vi løyse problema? Riksrevisjonen peikar på ei kjend problemstilling. Politikarane har løyvd mykje til jernbane dei siste åra, men det meste av dette har vore øyremerkt til dei store utbyggingsprosjekta.
Talet på togavgangar har auka betydeleg over tid. Det har ført til at det er sprengt kapasitet på fleire strekningar. Den store trafikkmengda har ført til at gammal og utdatert jernbane blir sliten ned raskare enn vi klarer å fikse han. Det har resultert i at vedlikehaldsetterslepet har auka kvart einaste år – og også vil gjere det i 2024.
Derfor er vi glade for at politikarane no har signalisert at dei vil bruke langt meir til vedlikehald og fornying av den gamle jernbanen vår dei næraste åra. Det er klokt om vi skal få meir punktlege persontog.
Rundt 94 prosent av norsk jernbane er strekningar med berre eitt spor. Vi må balansere ønsket om mange togavgangar mot målet om høg punktlegskap. Samtidig er vi i gang med svært mange tiltak for å betre punktlegskapen. Men dette er eit arbeid som vil ta tid, dette lèt seg ikkje fikse i løpet av nokre få år.
Som alle med hus, bil eller båt veit: Behovet for vedlikehald tek aldri slutt. Derfor har vi sett i verk ei rekkje tiltak som saman skal fornye jernbanen og redusere forseinkingane og innstillingane på sikt.
Eitt av dei er blant dei største digitaliseringsprosjekta i landet, kalla ERTMS (European Rail Traffic Management System). Fleire av forseinkingane og innstillingane skjer fordi vi har gamle og utdaterte signalanlegg. Dei skal erstattast av eitt felles digitalt system, som blir innført på heile den norske jernbanen. Nytt signalanlegg vil gi ein meir driftsstabil og robust jernbane. Overgangen til det digitale signalsystemet er komplekst og krevjande, men heilt nødvendig. Det er ei stor og særs tidkrevjande utbygging: Vi skal gradvis byggje ut og forbetre punktlegskapen strekning for strekning.
Samtidig held vi ved like der det er størst slitasje. Vi monterer sensorar langs spora som viser når vi må fikse eller byte ut delar – og som gir oss beskjed før noko går sund. Vi sikrar stadig meir av skjenegangen mot flaum og ras, varmar opp sporvekslarar om vinteren, og vi samarbeider med togselskapa for å halde fleire avgangar i rute.
Vi ser at tiltak som allereie er gjennomførte, styrkjer togtrafikken:
Hausten 2023 opna eit nytt dobbeltspor mellom Eidsvoll og Langset. Follobanen har også bidrege til langt betre punktlegskap på Østfoldbanen, trass i mange og store startvanskar i Blixtunnelen. Det nye dobbeltsporet mellom Bergen og Arna har også auka punktlegskapen betydeleg på strekninga etter opninga i mai.
I tillegg har vi planar om å byggje ut fleire kryssingsspor, altså korte strekningar med dobbeltspor der tog kan passere kvarandre. Dette gjer vi for å auke kapasiteten for persontog og godstog, og samtidig få fleire tog i rute. Det er viktig for å styrkje den berekraftige og utsleppsfrie jernbanen.
Sverre Kjenne er konserndirektør for digitalisering og teknologi i Bane Nor.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.