Klasse og sentrum-periferi på nytt

Det urovekkande er at studium som driv masseutdanning, ikkje har munnleg prøving, skriv Håvard Teigen. Biletet viser studentar på Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Bergen.
Det urovekkande er at studium som driv masseutdanning, ikkje har munnleg prøving, skriv Håvard Teigen. Biletet viser studentar på Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Bergen.Det urovekkande er at studium som driv masseutdanning, ikkje har munnleg prøving, skriv Håvard Teigen. Biletet viser studentar på Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Bergen.

Nokut har ikkje sørgd for at institusjonane kjenner seg forplikta til å sørge for at kandidatane har skrive eksamensoppgåvene sine sjølve.

Publisert Sist oppdatert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Nokut-direktør Kristin Vinje svarer i Dag og Tid 22. mars på kritikken min som først stod i universitetsavisa Khrono, av det utdanningssystemet som ho har eit hovudansvar for å kvalitetssikre.

Etter dette har Kjerkol fått sin dom, og eg spør: Kva har Nokut gjort for å unngå noko som er så øydeleggande for sektorens namn og rykte? Poenget mitt var at det viktige i desse sakene ikkje primært er enkeltpersonar som har juksa, men at det er eit system som over fleire tiår har lagt til rette for juks. Eg kalla det systemsvikt.

Det er derfor fint at Vinje svarar. Systemsvikt er spesielt alvorleg for Nokut som «systemansvarleg». Vinje skriv: «I Norge er det utdanningsinstitusjonene selv som har ansvaret for å kontrollere og videreutvikle kvaliteten i utdanningene de tilbyr.» Ja, det er nettopp dette som er grunnlaget for systemsvikten. Men så har vi altså fått Nokut, som skal sjå til at institusjonane ikkje slepper kandidatar med fiktive eksamensbevis ut i eit verjelaust samfunn.

Kva skriv så Vinje om Nokuts rolle? Sitat: «Nokut skal på sin side bidra til at samfunnet kan ha tillit til at utdanningsinstitusjonene følger opp sine forpliktelser.

Ja, slik er det. Og det er her systemet, inkludert Nokut, må ha svikta. Nokut har ikkje sørgt for at institusjonane kjenner seg forplikta til å sørge for at kandidatane har skrive eksamensoppgåvene sine sjølve. I artikkelen la eg spesielt vekt på at munnleg eksamen er heilt naudsynt for å sikre at kandidatane i det minste forstår og kan forsvare den teksta dei sjølve har levert frå seg. Heller ikkje det sikrar fullt ut mot at andre har skrive avhandlinga for dei, eller at dei har kopiert og plagiert. Det viser Kjerkol-saka.

Artikkelen min skapte store bølger, men nesten alle reaksjonane eg har sett, har støtta synspunkta mine – eller i det minste skrive at her må systemansvarlege gripe inn og undersøke konkret om det er riktig at tusenvis av studentar kan gå rundt med eksamenspapir bygd på juks.

Eg var heilt konkret og peikte på BI, som ikkje har munnleg prøving av masteravhandlingar. Kva skjer? BI har dukka langt under overflata og ikkje freista å forklare eller forsvare seg. Eg peikte også på masseutdanningane av juristar, som ikkje har munnleg prøving, til dømes ved UiO. Nokut kan umogleg vere ukjent med dette problemet.

Spørsmål: har Nokut heilt konkret undersøkt om slike studium klarer å sikre at studentane sjølve har skrive avhandlingane sine – utan å ha munnleg høyring?

Mange aviser har følgt opp den debatten eg sette i gang. To av dei har gjort ein journalistisk jobb som til saman gjev interessant innsikt. Dag og Tid intervjua fleire ved NTNU, inkludert prorektor for utdanning. Studentavisa Universitas intervjua prorektor ved UiO, Bjørn Stensaker, som prøver å forsvare at dei ikkje har munnleg på juss.

Det som kjem fram både gjennom desse to intervjua og mange tilbakemeldingar, er at desse to største universiteta praktiserer munnleg prøving av heimeeksamen på enkelte fakultet, men ikkje på andre. Det urovekkande er at studium som driv masseutdanning, ikkje har slik prøving. Alle i sektoren veit at det nettopp er på desse utdanningane rettleiarane ikkje har sjanse til å følge opp studentane undervegs. Sensorane har ofte betalt for så få timar at dei ikkje kan gjere skikkeleg arbeid.

Stensaker meiner at dei har funne på nokre utruleg gode grep for å kvalitetssikre at studentane har skrive avhandlinga sjølve. Kva for grep er uklart forklart, og heile argumentasjonen er vaklevoren. Han seier tilfreds at «studenter flest jukser ikkje». Men det har da verken eg eller nokon annan hevda. Ein kan vel ikkje slå seg til ro med at det trass alt er eit mindretal?

Spørsmål: Prøver Nokut å finne meir ut av slik diffus argumentasjonen ved å stille konkrete spørsmål?

Kven er det som kan få andre til å skrive for seg? Svaret er opplagt. Det er dei ressurssterke som enten kan kjøpe seg hjelp eller få hjelp frå sin juss-familie. Slik hjelp får ikkje dotter til heimehjelpa på bygda. Dette forsterkar ulikskap etter to kjente dimensjonar: klasse og sentrum–periferi.

Kva gjer Nokut heilt konkret med dette?