JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

«Kreft spør ikkje om besøkstid, og HPV-viruset bryr seg ikkje om kjønn.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
HPV-vaksine bør vere gratis for jenter og gutar.

Foto: Heiko Junge / NTB

2370
20241018
2370
20241018

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Helse

Det er bra at det vert skrive om HPV-vaksine, for å spreie kunnskap og medvit om dette enkle grepet for å førebygge alvorleg sjukdom. Det som er mindre bra, er at det av journalist Christiane Jordheim Larsen (Dag og Tid 11. oktober) vert framstilt som om det å få kreft av HPV-virus er ein kvinnesjukdom. Det vert referert til livmorhalskreft, vorter og kjønnsvorter. Kreftrøynda er diverre større enn det, og har ikkje alltid kjønn som grensemarkørar.

Sjølv om halvparten av krefttilfella på grunn av HPV er livmorhalskreft, er viruset ikkje berre ei kvinneliding. Faktisk er kreft på grunn av HPV på frammarsj hos menn. Diverre er det lågt medvit om menn sine kreftformer i samfunnet, og det er ein utbreidd myte at HPV-virus er knytt til kvinnekreft. På Kreftforeningen si heimeside kan vi lese at ein HPV-infeksjon hos menn kan gje kreft i penis, endetarm, munn og svelg, og at vi dei siste åra har fått ein stor tilvekst av slik kreft.

Kreft spør ikkje om besøkstid, og HPV-viruset bryr seg ikkje om kjønn. HPV hos menn er i stor vekst, hos stadig yngre menn. Dette er ein av dei få kreftformene ein faktisk kan førebygge og unngå, men då må ordskiftet inkludere alt vi har av kjønn.

Vi veit frå før at menn er frykteleg dårlege til å forvalte eigen helse, dette er diverre stadfesta i den ferske mannsrollerapporten (NOU 2024: 8). Der kan vi mellom anna lese at menn er langt dårlegare enn kvinner til å nytte primærhelsetenesta. Internettet fløymer heller ikkje over av kreftbloggar frå mannehand. Menn blir sjuke, lir og døyr for seg sjølv, i stor grad utan å dele erfaringar eller kunnskap. Menn, som tradisjonelt vert sett på som handlekraftige vesen, er også tradisjonelt i djup fornekting på helsetema. Menn treng kunnskap, og menn treng å bli pusha, både til å snakke og til å handle.

Kreft er eit stort og uoversiktleg sjukdomsfelt der majoriteten av kreftformer er blinde for kjønn. Når temaet er HPV, må vi spreie heile kunnskapen, ikkje berre kvinnedelen.

Eg er elles hundre prosent samd i hovudbodskapen til Jordheim Larsen: HPV-vaksinen bør vere den beste, vere gratis for jenter og gutar og ein sjølvsagd del av vaksineprogrammet. Gardasil 9, den beste vaksinen, vil på kort sikt tene seg inn att gjennom eit redusert tal krefttilfelle. Kvinner som menn.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis