JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kommentar

Skam i eit sprøytestikk

Dersom regjeringa verkeleg bryr seg om kvinnehelse, kan dei starte med å gje norske barn den beste HPV-vaksinen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei kvinne får hpv-vaksine.

Ei kvinne får hpv-vaksine.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ei kvinne får hpv-vaksine.

Ei kvinne får hpv-vaksine.

Foto: Heiko Junge / NTB

3706
20241011
3706
20241011

Onsdag denne veka melde NRK Nyhendemorgon at norske barn får ein dårlegare HPV-vaksine enn det barn i dei fleste andre europeiske land får. Sjølv om saka ikkje var ny for meg, stoppa eg opp i frukostførebuingane for betre å høyre det som vart sagt. For denne saka gjeld alle oss som bur i dette oljerike landet og bryr oss om den framtidige helsa til barn og barnebarn. Eg trur vi er ganske mange.

HPV-virus kan føre til alvorleg kreftsjukdom, med livmorhalskreft som den vanlegaste typen. Derfor har norske jenter på 7. trinn sidan 2009 fått tilbod om HPV-vaksine som del av barnevaksinasjonsprogrammet. Sidan 2018 har også gutar fått tilbodet.

Kjøper sjølv

Vaksinering mot HPV-virus er noko så fantastisk som ein quick fix mot å utvikle livmorhalskreft. Det er til å strekkje hendene i vêret og juble av. Det er eit under produsert av naturvitskapen. Men vurderingane frå norske helsestyresmakter får hendene ned att. For dei har funne ut at den nest beste vaksinen er god nok for barna våre. Den som utryddar nesten all livmorhalskreft. Då har vi valet. Vi kan følgje straumen, eller vi kan sjølv kjøpe den beste vaksinen for eigne pengar.

Det er det stadig fleire som gjer. NRK har henta inn tal frå Apotekerforeningen som viser ei dobling av salet dei siste fire åra. Ein vaksinedose kostar 1600 kroner, og i barnevaksinasjonsprogrammet ligg det inne to dosar. Når det offentlege vel nest best, er det som å skrive ut resept på ulikskap.

Fleire virus

HPV-vaksinen er høgaktuell nett no, fordi Direktorat for medisinske produkter (DMP) i desse dagar hentar inn anbod på HPV-vaksinar. Områdedirektør Einar Andreassen seier til NRK at det er viktig å få mest mogleg helse igjen for skattekronene som vert nytta til å førebyggje kreft. Spesialistgruppa har konkludert med at dei to aktuelle vaksinane på marknaden gjev like godt vern mot kreft. Og la det vere sagt: Alt tyder på at HPV-vaksinen barna våre får, er god. Men igjen, kvifor skal dei ikkje få den beste?

Vi kan sjå kva Folkehelseinstituttet skriv om HPV-viruset og -vaksinar på nettsidene sine. Her står det at vaksinen Cervarix, som 7. klassingar får tilbod om i dag, verkar mot HPV-typane 16 og 18, og i tillegg har ein viss krysseffekt mot HPV-typar som ikkje inngår i vaksinen. Vaksinen gjev meir enn 90 prosent vern mot utvikling av alvorlege forstadium til livmorhalskreft.

Vaksinen Gardasil 9, som til dømes svenske og danske barn får, verkar mot heile sju høgrisikotypar av HPV og gjev opp mot 100 prosent vern mot alvorlege forstadium til livmorhalskreft. I tillegg gjev vaksinen vern mot andre plager som følgje av HPV-virus, som vorter og kjønnsvorter. Det kan òg vere greitt å ha med seg.

Forskjellen verkar kanskje ikkje så stor, men utfallet kan vere alvorleg for den som vert råka.

Førebyggje

I dag opplever mange unge kvinner stress og angst fordi dei har celleforandringar, som igjen kan vere indikasjon på livmorhalskreft. Noreg må kunne koste på seg den beste vaksinen for at færre skal måtte oppleve de­tte. Ja, helsevesenet må prioritere, men eg trur ikkje HPV-vaksinen veltar lasset.

Det er også eit større bilete her: Helsevesenet må leggje større vekt på å førebyggje sjukdom. I framtida vil mangelen på folk vere større enn mangelen på pengar. Kan vi førebyggje sjukdom og plager som følgje av HPV-virus, skal vi gjere det.

Regjeringa la nett fram ein kvinnehelsestrategi, der helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre tok til orde for eit løft for kvinnehelse i Noreg. Rett framfor seg har han ei lågthengande frukt.

Christiane Jordheim Larsen er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Raudkolibrien veg 3,5 gram og må dagleg ete halvannan til tre gonger si eiga vekt under vanlege kår. Han hekkar i Alaska og overvintrar i Mexico. Trekkruta strekkjer seg over 6000 kilometer.

KunnskapFeature

«Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta?»

Naïd Mubalegh

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar
Brit Aksnes

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Ei kvinne får hpv-vaksine.

Ei kvinne får hpv-vaksine.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar

Skam i eit sprøytestikk

Dersom regjeringa verkeleg bryr seg om kvinnehelse, kan dei starte med å gje norske barn den beste HPV-vaksinen.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis