Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstKultur

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

4707
20250117
4707
20250117

Er målaren Odd Nerdrum, familien, kunsten og livsforma hans ein del av ei ytre høgrebølgje? I ein nyleg VG-kommentar om NRK-serien Familien Nerdrum såg Hans Petter Sjøli populariteten til Nerdrum-dokumentaren som eit av fleire symptom på at dei politiske vindane i vestverda no skiftar. Før bles det frå venstre, no blæs det frå høgre. Det som for kort tid sidan vart sett på som «eksentriske pussigheter», er lynraskt vortne til ein mørkeblå høgrevind.

Sjøli var ikkje åleine om denne synsmåten. Kunstkritikaren Lars Elton i Dagsavisen meinte at Nerdrum serien «speiler tidsånden» i «den høyredreide virkeligheten vi ser vokse frem».

Rett er det òg at Trump-sigeren i det amerikanske valet har endra ikkje berre dei politiske, men òg dei kulturelle makttilhøva i USA og Europa, slik at den kulturradikale tendensen no vert møtt med ei meir sjølvsikker og omfattande konservativ tilnærming.

I USA ser ein korleis til dømes techmiljøa som før var ein del av den kulturradikale makta, no skiftar over til dei meir konservative Trump-miljøa. Mange følgjer makta meir enn prinsippa.

«Vi ser politikken på same vis som freudianarane såg på seksualiteten.»

Mangfaldet

I Dagsavisen meinte kunstkritikaren Lars Elton at Nerdrum-familien «viser en manglende aksept for et mangfoldig samfunn», men seier i neste setning at «det er så avleggs at det er som de lever i middelalderen». Elton seier han vert «sjarmert» av Nerdrum-serien, men «med en ekkel bismak», fordi familien har ein «polariserende livsanskuelse» som «usjarmerende» avviser moderne kunstformer.

Eg ville vore samd i dette dersom eit nytt regime med Odd Nerdrum som eineveldig konge i eit detaljstyrt samfunn, der alle måtte bu på gard i Stavern og berre høyra på russiske symfoniar og Odds livsfilosofi, var ein opsjon. Men er det ikkje plass i Eltons mangfald til det avviket Nerdrum-familien utgjer?

Er berre målberinga av eit anna kunstsyn enn dei godtekne så opprivande? Toler vi ikkje eingong synleggjeringa av ein avvikande levemåte for nokre få menneske som ikkje ligg nokon til last, men openbert er eit aktivum både i lokalsamfunnet, nasjonalt og internasjonalt? Kvifor vert ein forarga over at alle får sjå at det ikkje er naudsynt å vera like normal som alle andre? Med kor stort einfald kan ein pynta seg med mangfald?

Høgredreiinga

Så kvar kjem oppegginga frå? Er det berre avviket som ikkje vert tolt? Eller er det ein rettvis harme over høgredreiinga?

Eg trur politiseringa av Nerdrum kjem frå den gamle tesen om at «alt er politikk». Vi er ikkje nøgde med å reservera eit avgrensa område for politikken. Vi ser politikken på same vis som freudianarane såg på seksualiteten.

Klesdrakta di seier oss ikkje kva for klede du likar, men kva klasse du tilhøyrer, og kva for ideologi som styrer deg; hårsveisen din fortel ikkje korleis du likar å ha håret, men plasserer deg til høgre eller til venstre i politikken; dei seksuelle preferansane dine seier ikkje kva type trå som bur i deg, men vitnar om kva parti du røystar på; kunstsynet ditt opplyser oss ikkje om smaken eller legninga di, men gjer deg til liberalar eller stokk konservativ. Alt er politikk.

Politiseringa

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigenleg er. I botn og grunn har han aldri teke noko politisk standpunkt. Det sosiale engasjementet som prega 1970-talsbileta hans, var meir eit forsvar for avvikaren enn ein tilslutnad til noko politisk syn. Nerdrum kan til naud kallast ein aristokratisk anarkist eller individualist, med sprikjande syn på samfunnsspørsmål. Han trur – noko naivt – på «dei store menn» og geni, og ser på den allmenne demokratiseringa som eit åtak på einskildmennesket og talentet.

Som så mange kunstnarar kjenner han seg framand for ei samtid prega av pengar og teknologi. Denne noko pessimistiske livshaldninga ville ha vore ei ulempe for han om han hadde vore politikar. Men no er han altså kunstmålar, og her er denne melankolske tilnærminga ein føremon. Fordi han vantrivst i samtida, kan han fanga inn einsemda og saknet til menneska betre enn mange andre. Også optimistane kunne ha nytte av å kjenna på sorga over det tapte i ei verd der teknologi og pengar og makt avgjer korleis livet vårt skal vera.

Eit paradoks vert det då at den upolitiske pessimisten Odd Nerdrum, som ikkje høyrer til i samtida vår og heller ikkje vil vera her, betre enn mange kan syna at det likevel finst eit ljos i mørkeret, ei opning for eit anna liv, annleise val, eigne vegar, og såleis nett gjennom sin melankoli vert ein agent for von.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis