Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Teikning: May Linn Clement
Då Donald Trump utnemnde den nye ambassadøren til Danmark, kunne Trump «ikkje utelukke» at USA kan kome til å nytte makt, inkludert militærmakt, for å sikre USA kontroll over Grønland. Trump kom samstundes med utsegner om å ta over Panamakanalen i sør og å annektere Canada. Både Canada og Grønland «vert forsvarte av det amerikanske militæret», minte Trump om. Tenk om Canada og Grønland kan bli del av USA, filosoferte den komande sjefen for verdas største militærmakt vidare.
Like før hadde Grønland opna sin første flyplass med direkte linje til utlandet. Trumps eigen familie testa flyplassen tidleg. Med den turen framstod Trump plutseleg som ein eigedomsmagnat som sender familien i veg for å sjekke ut ei mogeleg investering. Er det Trump, eigedomsinvestoren med familie, som har fått auga opp for nye lukrative forretningseventyr når temperaturen i nord aukar og lukrative mineral dukkar opp frå isen som smeltar?
«Utspelet til Trump er eigna til å markere at på Grønland må Kina trå svært varsamt, eller helst halde seg unna.»
Cecilie Hellestveit
Amerikanske interesser
«Trump må ikkje takast bokstavleg», var omkvedet frå rådgjevarane hans i Washington, «men han må takast på alvor», kvitterte den danske utanriksministeren. For små skandinaviske land med store interesser i Arktis, men utan militær kapasitet til å verne områda i nord om det skulle dra seg til: Kva inneber det eigentleg å «ta den komande amerikanske presidenten på alvor» når han minner om at det er USAs militærmakt som vernar Grønland, og at han ikkje vil utelukke bruk av makt her?
Den mest nærliggjande tolkinga er at Trump, forhandlaren, er attende med brask og bram. Anneksjon av Canada er utspel før reforhandlingar av handelsavtalar med Ottawa, og alt dagen etter viste dei vilje til kompromiss her. Panama-trugsmålet skal handle om pågåande diskusjonar om prisen for at amerikanske skip seglar gjennom kanalen, medan utspelet om Grønland signaliserer tunge amerikanske interesser i sjeldne mineral der. Samstundes er det ei oppmoding om å halde kinesarane på armlengds avstand.
I form er Trump rå, brutal og transactional, men innhaldet dreier seg om amerikanske interesser, og mykje er likt det Biden signaliserer. Kaffi i halsen-opplevinga var berre ei påminning om det vi alle veit kjem etter 20. januar.
Ny dynamikk
Ei meir krevjande tolking handlar om at verda har endra seg mykje sidan Trump i 2019 la inn bod om å kjøpe Grønland frå Danmark. Trenden er at militære stormakter markerer «interessesfærar» i eigne nærområde, ein trend Europa motarbeider med nebb og klør. Like fullt har denne dynamikken teke klårare form mange stader dei siste fire åra.
Fleire amerikanske aviser åtvara om at utsegna til Trump om USAs nærområde i nord innleier ein ny epoke der USA markerer ein eksklusiv interessesfære som strekkjer seg frå Panama i sør til nordaustspissen av Grønland.
Signaliseringa rettar seg særleg mot Kina. I den amerikanske kongressen la ei gruppe frå begge parti i desember fram ein rapport om stoda i teknologikappløpet mellom USA og Kina. Dei konkluderte med at Kina er raskast innanfor nær tre firedelar av teknologiområda USA vurderer som kritiske. USA trappar følgjeleg opp kampen om leverandørkjeder og sjeldne mineral som trengst i kappløpet med Kina. Grønland er eit lite eldorado i så måte. Utspelet til Trump er eigna til å markere at på Grønland må Kina trå svært varsamt, eller helst halde seg unna.
Ein amerikansk bakgard
I dette lyset kan Trumps utspel om Panama, Canada og Grønland gje nytt liv til gamle spøkjelse om ein amerikansk bakgard, berre med den vesle tvisten at amerikansk appetitt no også omfattar våre eigne arktiske strøk. Signaliserer Trump eigentleg at nordområda er USAs nye forgard? Og kva skal vi då tru om Svalbard?
I 2024 har det vorte ymta kritikk frå amerikanske politikarar om at kinesiske forskingsprosjekt på Svalbard kan ha militære tilknytingar eller baktankar. Kva har det å seie for oss? Og korleis vil den arktiske kjempa Russland, med kontroll over rundt 45 prosent av Arktis, svare på at amerikanarane er så framoverlente her?
Den mest krevjande tolkinga er likevel at Trump dei siste åra frå sidelinja har observert korleis glupske leiarar som Etiopias Abiy Ahmed, Aserbajdsjans Alijev, Tyrkias Erdogan, Israels Netanyahu og Russlands Putin har herja med militærmakta si og straff-fritt flytta eigne grenser til å omfatte strategisk viktige nærområde. Mange store statar utfordrar no maktforbodet som skal hindre krig og sikre status quo for suverene grenser.
Til dømes Natos nest største militærmakt. Same veka som Trump kom med sine utspel, organiserte Tyrkia ei stor maritim militærøving utanfor eigen kyst som dei kalla «Mavi Vatan» (Blått fedreland). Dette speglar ein tyrkisk sjødoktrine frå seinare år, der Tyrkia er meir offensiv i farvatnet utanfor eigen kyst i Middelhavet. Tyrkia hevdar at avtalar inngått på 1920-talet som gjev Hellas suverenitet over øyar utanfor kysten til Tyrkia, ikkje lenger står seg. Argumentet har vore at Hellas tillèt militær aktivitet forkledd som forsking, noko Tyrkia tolkar som militarisering og dermed som alvorlege brot på traktaten, og det svekkjer det greske kravet om suverenitet. No viser Tyrkia musklar att.
Eller USAs to allierte Israel og Tyrkia i Syria. Her er både Tyrkia og Israel til stades som okkupasjonsmakter med territorielle buffersoner inne på syrisk jord, medan dei «ser utviklinga an». Begge statar gjev høgst tvitydige svar på spørsmål om sine territorielle ambisjonar i Syria på sikt.
Eit fordekt trugsmål?
Men kva kan USA gjere for å kontre denne trenden? Er utspela om Grønland, Panama og Canada eit fordekt trugsmål frå Trump om å ta same tilnærminga som Putin eller Erdogan? Kva om USA skulle kaste seg på trenden med «militært å leggje under seg» strategisk viktige område i naboland eller andre stader? Om det er slike bodskapar Trump sender ut, er avskrekkinga ikkje mynta på København eller Ottawa, men på heilt andre hovudstader.
Heldigvis er det krystallklare folkerettslege grunnlag for Danmarks historiske rett til Grønland. I 1916 gav USA tilsegn om full dansk suverenitet over Grønland i byte mot at Danmark gav opp koloniar i Vest-India. Dansk suverenitet over Grønland vart stadfesta av ein internasjonal domstol i 1933. Seinast i 2023 inngjekk USA og Danmark ein forsvarsavtale som er klokkeklar om dansk suverenitet.
Men noko heilt anna vil skje dersom Grønland sjølv vel å lausrive seg frå Danmark gjennom ei folkerøysting som kan vere på trappene. Då kan Trumps utspel vere ein invitasjon til nytt partnarskap, ein måte å vise veg i vellinga på. Det er ikkje Krim i 2014, Kurdistan i 2017, Baskerland eller Luhansk og Donetsk i 2022 som er oppskrifta. Grønland og USA kan vise korleis autonome område kan oppnå sjølvstende. Til inspirasjon for andre stader i verda, som drøymer om sjølvstende, men som treng sterke vener for slikt. Til dømes Taiwan.
Men det kan òg vere at Donald Trump berre er ein enkel forretningsmann som er interessert i å kjøpe Grønland. Det vil snart vise seg.
Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.