Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Kommentar
I eit føredrag for Finansdepartementet, prenta i Dag og Tid 29. november 2024, oppsummerte Rune Slagstad sin analyse av framvoksteren av ein konkurransestat sidan 1990-talet – med tilhøyrande kritikk av Ap. Tidlegare har han i Mine dannelsesagenter (2021) og i etterordet til nyutgåva av De nasjonale strateger (2024) argumentert for at vi har gjennomlevd ei vending bort frå sosialdemokratisk (og sosialliberal) politikk – vi står att med nyliberal marknadsfundamentalisme.
I føredraget uttrykkjer han von om at Ap skal «skale av nokre marknadsteknokratar for å gje rom for ein populistisk storkoalisjon til venstre». Den som berre kunne dele slik optimisme.
Ein massiv mur
Slagstad har sjølv analysert fram den tilsynelatande uavvendelege krafta i dei mange parallelle omstillingane av norske samfunnsinstitusjonar. Eg saknar likevel ei grundigare drøfting av det som er resultatet innafor «det nye energisystemet», som Jonas Gahr Støre kallar ein energipolitikk som fundamentalt endrar oppfatninga av marknad og politikk, av tenester og varer.
Energisystemet er sluttsteinen i kvelvingen over nyorganiseringa av heile samfunnet vårt. Vindkraftutbygginga syner korleis ein har teke straumpolitikken ut or demokratisk kontroll. Organisasjon, produksjon, distribusjon, service, tilkomst og så bortetter er spreidde på alskens organisasjonsformer: offentleg, privat, halvoffentleg, delprivat, stiftingar, aksjeselskap, innan- og utanlandske aktørar – det står ikkje i ein kommunestyremedlems makt å overskode, langt mindre vere med på å styre, denne utviklinga, der mellom 30 og 50 aktørar kan vere inne og formar ein massiv mur mot å skjøne utbyterekneskap, eigartilhøve og inntekter til kven og kvar.
Universiteta
Slagstad har gode poeng om helseføretaka. Han er ikkje fullt så klår på kva som har hendt med universiteta. Ein kan ikkje leggje skulda på nye universitet for at resultatfinansieringa hindrar samarbeid mellom institusjonar og einingar. Universiteta er no slik organiserte at svært få av dei tilsette skjønar korleis dei er finansierte. Berre det ein produserer, får ein pengar for i statsbudsjettet om to år, og staten endrar med ujamne mellomrom spelereglane.
Det står ikkje i professoral makt å påverke systemet, som no er prisgjeve fluktuasjonar i ein «studentmarknad» og i konkurranse om eksterne midlar. Resultatet er at institusjonane søkjer å få prestisjeprosjekt og samstundes vil sikre tilstrøyminga; dei fyrste gjev kan hende dristig, om enn feil tenking (som at nye universitet må ha det dei gamle har); det andre fremjar konservatisme, sikring av det trygge, gamle.
Tunge mekanismar
Slagstad presenterte 13 tesar i føredraget sitt. Dei tre fyrste handlar om korleis Ap-regjeringar sidan Brundtland har avvikla den sosialdemokratiske ordenen, med mentalitetsendringar som fylgje.
Dei fire neste (4–7) handlar om korleis politikken har trekt seg tilbake og overlate styringa til doldisbyråkratar, kraftliberalistar og administrative ordningar utan særleg innsyn for utanforståande.
Tese 8–10 går frå dei grunnleggjande paradoksa i Helse-Noreg til den gradvise utviklinga frå liksomkonkurranse til fundamentale skilje mellom elitar og fotfolk i høgare utdanning.
Dei tre siste tesane (11–13) tek opp ideologiskapinga i nasjonen, frå kongehus, Ap og kyrkja især via demokratisk populisme til vona om ein «populistisk storkoalisjon til venstre».
Men mekanismane som no er sette i sving, vil vere tunge å snu. Berre for å ta universiteta, så gjer konkurransementaliteten det mest umogleg å førestille seg at god gammaldags dugnad på tvers av einingar kan gje ein nyskapingskultur. Dei mange nye unge akademikarane som aldri har vore med på å drøfte framtidsvyar med høg himmel over budsjettforhandlingane, tek sjeldan eigne initiativ. Dei mange hyggjelege, dyktige utanlandske akademikarane vi har fått, er jamt over uinteresserte i norske tradisjonar og kva for kandidatar Noreg treng. Dei nye universiteta, som skulle ta seg av profesjonsutvikling, sklir over i teoretiserande retning – det er billegast, og det har visst høgast prestisje.
Paradoksa som oppstår, underminerer endring og oversyn over utfordringane. Dei spring ut av at universiteta får løyvingar ut frå kva dei produserte for to år sidan, og skal planleggje fram i tid. Det er ikkje lett å få oversyn over marknaden eingong på det viset. At jamvel skulen på denne måten ofrar svære flokkar av elevar til utanforskap kvart år, er visst akseptabelt.
Ein korporativisk floke
Slagstad etterlyser kompromissvilje, men det krev trening og forhandlingsevne å lære seg. Også dei konservative har langt på veg gløymt kva som dreiv dei. Vi er på veg inn i ein korporativisk floke der både Ap og Høgre er pådrivarar. Stortinget har godteke å leggje så store delar av politikken ut i direktorat, aksesjelskap, stiftingar, føretak og kva det enn er. Å tale med ein stortingsrepresentant i dag er det ofte ikkje mykje poeng i; ein får høyre at dette kan det lite gjerast med; avgjerda ligg i direktorat X eller Y-føretak eller kva det enn er.
Statsvitarar seier at det alltid har vore ein «korporativ kanal» i moderne norsk politikk. Ja, og Ap/Sp-regjeringa står for dei fremste korporative kontaktane, med LO og landbrukssamvirket og det utmerka trepartssamarbeidet. Difor vart det også mogleg å få gjennombrot for eit energisystem vi ikkje maktar å gå attende på, med mindre staten tek over kontrollen med NordPool og gjer ei lang rekkje andre tiltak, som ikkje lenger kan vere reverserande, men må gjeninnføre tanken om at tenester er noko anna enn varer som skal seljast med høgast mogleg profitt.
Avmakt i sentrum
På liknande vis som i mange europeiske land vert folk her òg skovne over i populistiske parti av ulik bonitet, nokre med lang politisk røynsle, andre ferske og truleg farlege. Kjensla av å ikkje vere deltakarar sigrar, så at avmakta kjem i sentrum, i staden for drøfting av kva som reelt regulerer samfunnslivet. Dermed vil også utdanningssystemet og kulturinstitusjonane nøre oppunder kjensla av utanforskap snarare enn å oppmuntre til aktiv deltaking.
Eg vonar at Slagstad, lesarane hans og andre, ikkje minst statsvitarar, vil drøfte korporativismen vi no vert sette fast i. Variantar av dette systemet har tidlegare drive mange land i og utanfor Europa inn i kraftige spenningar og konfliktar, sidan alle leitar etter skuldige og lengtar etter sterke menns førarskap.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.